Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgiver (HR-rekruttering) - campus Stord

Søknadsfrist: 31.08.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem kampusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området. Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for HR har ledig stilling som rådgjevar HR-rekruttering

Om stillinga:

Stillinga er knytt til Avdeling for HR. Det er denne eininga som tek hand om HR-rekrutteringsarbeidet for heile høgskulen. Blant arbeidsoppgåvene ved avdelinga er å medverka under utarbeiding av kravspesifikasjonar for stillingar, utarbeiding av utlysingstekstar, oppfølging av søkjarar, administrasjon av, og deltaking under intervju, sakshandsaming, kvalitetssikring og utarbeiding av tilbod om stilling. Også andre personaladministrative oppgåver ligg til stillingane i eininga, som i det heile følgjer opp ulike førespurnader frå leiarar, tilsette, søkjarar og tillitsvalte på arbeidsfeltet. Det er om lag 15 årsverk knytt til HR-rekrutteringsarbeidet ved høgskulen, slik at dei som vert tilsett kjem inn i eit etablert fagmiljø med høg kompetanse og eit utstrekt og nært samarbeid om utføringa av arbeidsoppgåvene.

Arbeidsstaden er på campus Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Arbeidet vil omfatta personaladministrative oppgåver med særleg vekt på handsaming av tilsettingssaker. Ved høgskulen legg ein vekt på å følgja god forvaltingspraksis og slik sjå til at forvaltingsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet. Fokus på kvalitetssikring blir slik sett ein arbeidsmetodikk i det daglege arbeidet. Den som blir tilsett kan også få oppgåver innanfor generell sakshandsaming, utreiingsoppgåver, arbeid med opplæring og anna. Andre viktige oppgåver vil vera vidareutvikling av rutiner med fokus på effektive arbeidsprosessar, og å bidra til god kommunikasjon mellom ulike nivå i organisasjonen.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Til stillinga vert det stilt krav om høgare utdanning med minimum bachelorgrad, og helst mastergrad
  • Relevant erfaring frå administrativ sakshandsaming, frå offentleg sektor og frå ulike typar HR-arbeid blir vektlagt
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå sakshandsaming i tilsettingssaker i offentlig sektor, erfaring frå UH-sektoren og kompetanse innan endringsleiing og omstilling
  • Solid kjennskap til bruk av administrative datasystem og god generell IKT-kompetanse vil også vera ei føremon

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer engasjerte medarbeidarar med god skriftleg framstillingsevne, sjølvstende, innsatsvilje og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar HR-rekruttering er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Anne Marit Morken, Nestleiar HR, 55 58 79 30

2) Elisabet Veland, fagleiar rekruttering, 55 58 75 09

Søk stilling

Powered by Labrador CMS