Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

HR-rådgjevar innan HMS (campus Sogndal)

Søknadsfrist: 27.09.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studium, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem campusane. Avdelinga abeider tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vi støttar leiarane i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området.
Avdelinga skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk, og utvikle tenestene slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for HR, har ledig fast stilling som HR-rådgjevar innan HMS

Om stillinga:

Vi har ledig ei fast stilling som HR-rådgjevar innan HMS ved Avdeling for HR. Avdelinga er organisert under Organisasjonsdirektør og stillinga rapporterer til Avdelingsleiar for HR. Fageining for HMS og strategisk kompetanseutvikling består av 12 årsverk fordelt på fleire campus.

Arbeidsstad er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsopgåver knytt til stillinga vil i hovudsak vere:

  • Systematisk HMS-arbeid
  • Støtte til leiarar i personal- og konfliktsaker
  • Støtte til vernetenesta og drift av AMU
  • Rettleiing og opplæring
  • Generelt analyse-, rapportering og utgreiingsarbeid
  • Generell sakshandsaming
  • Kontakt med bedriftshelsetjeneste og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Søkjarar må ha relevant utdanning på bachelornivå, helst masternivå
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring frå HMS-arbeid vil bli vektlagt
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå personal- og konfliktsaker og samtalemetodikk
  • Gode kunnskapar i relevant lov- og avtaleverk
  • Digital kompetanse
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på begge målformar og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta
  • Evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Initiativrik og engasjert
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Raus og inkluderande

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som HR-rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar for HR, Wenche Fjørtoft, tlf.: 415 59 822, e-post: wenche.fjortoft@hvl.no

2) Fagansvarleg HMS, Elin Ekkjestøl, tlf.: 932 60 150, e-post: elin.ekkjestol@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS