LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Professor i pedagogikk (campus Stord)

Søknadsfrist: 17.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to faste stillingar som professor i pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane er tilknytt Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag. Arbeidsstaden er ved campus Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Forskings- og utviklingsarbeid med klar relevans for stillingsprofilen. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil primært vere knytt til grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10. Det kan og bli aktuelt med oppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og Ph.d-utdannning.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Leie og delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonskrav:

Kriterier for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Formell utdanning og kompetanse:

  • Den som blir tilsett må ha Ph.d. grad i relevant fagområde og professorkompetanse innanfor det pedagogiske fagfeltet.
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
  • Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå initiering og leiing av forskings- og utviklingsarbeid, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering
  • Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk
  • Erfaring frå Ph.d.- rettleiing og rettleiing av kollegaer
  • Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Forskingserfaring frå tema knytt til lærarutdanning eller tilhøyrande profesjonsfelt

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing.

Utdanningsfaglig kompetanse:

For stilling som professor har HVL eigne Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling.

Sakkunnig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen:

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som professor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 - professor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleder Britt Randby Theodorsen, tlf.: 53 49 13 59, e-post: brt@hvl.no

2) Faggruppekoordinator Kirsti Angvik Frugård, tlf.: 53 49 13 73, e-post: kaf@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS