Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Stipendiatstilling i naturfagdidaktikk i lærarutdanning

Søknadsfrist: 25.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på allenivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig stilling som stipendiat i naturfagdidaktikk i lærerutdanning

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) lyser ut ei stipendiatstilling knytt til prosjektet «TRELIS - Forskningsbasert lærerutdanning i naturfag» (https://uni.oslomet.no/trelis/) finansiert av Norges forskningsråd. OsloMet er eigar av prosjektet og HVL ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag er samarbeidspartnar.

Stipendiatstillinga har ei varigheit på 4 år med 25 % pliktarbeid. I pliktarbeidet skal stipendiaten undervisa i utforskande arbeidsmetodar i naturfagemne. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stillinga er ledige frå 01.01.2021. Les meir om fakultet her.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Nedanfor er det ei skildring av arbeidspakke 4 i prosjektet. Stillinga vil vere knytt til denne arbeidspakken, men det kan også vere aktuelt å samarbeide på tvers av arbeidspakkene i prosjektet:

Arbeidspakke 4: Utforskande arbeidsmåtar

Arbeidspakke 4 (AP 4) vil undersøke korleis naturfagdidaktisk forsking på utforskande arbeidsmåtar kan bidra til å utvikle nye og betre læringsaktivitetar i naturfaglærarutdanninga. Målet for desse aktivitetane er at lærarstudentane utviklar forståing for naturvitskapleg kunnskap og for korleis denne kunnskapen vert utvikla og brukt. Samstundes ønsker prosjektet å gje studentane erfaring med og innsikt i aktivitetar og forsking som dei sjølv kan bruke med eigne elevar i skulen.

I følgje fagfornyinga skal elevar i skulen arbeide praktisk og utforskande med naturfaget, og dei skal utvikle og ta i bruk eit naturfagleg språk. Utforskande læringsaktiviteter kan legge til rette for at studentane erfarer og utviklar praksisar som liknar på dei naturvitarar brukar for å byggje kunnskap. Slike praksisar involverer metodekunnskap, praktiske dugleikar, evne til å resonnere og evne til å tenke kritisk. Dei er også språklege og involverer tolking av tekst, symbol og grafar, munnlege diskusjonar og forklarande og argumenterande skriving.

Det kan være krevjande å få til aktivitetar i naturfagklasserommet som gjev studentane trening i slike praksisar. Difor er forsking på korleis lærar legg til rette for slike aktivitetar avgjerande for at dei skal gje både nok fridom for eleven si utforsking og nok rammer for at dei skal utvikle ny kunnskap og nye og betre praksisar.

AP 4 har som mål å utvikle konkrete utforskande aktivitetar som blir prøvd ut i lærarutdanninga og i skulane. AP 4 vil og undersøke korleis lærarstudentane si innsikt i forskingslitteratur om utforskande arbeidsmåtar kan bidra til at dei får ei meir forskande og reflektert haldning til eigen praksis når dei gjennomfører utforskande aktivitetar med eigne elever.

Stipendiatstillinga knyter seg særleg til to strategiske mål ved HVL; danning og profesjons- og arbeidslivsretting. Prosjektet har som mål å utvikle lærarstudentane sin evne til å bruke forskingsbasert kunnskap i eigen praksis som naturfaglærarar. Prosjektet har vidare som mål å utvikle ei lærarutdanning med høg relevans for framtidig profesjon gjennom eit tett samarbeid mellom lærarutdanning, praksisfelt og naturfagdidaktisk forsking.

Arbeidsstaden er campus Bergen

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkjarar må ha fullført lektorutdanning der hovud/masterfaget har innretting mot naturfag eller naturfagdidaktikk.

Eller

  • Søkjarar må ha fullført grunnskolelærarutdanning på masternivå eller grunnskolelærarutdanning og masterutdanning der hovud/masterfaget har innretning mot naturfag eller naturfagdidaktikk.

Eller

  • Søkjarar må ha fullført hovud/mastergrad i eit naturvitskapleg fag der masterfaget har innretning mot naturfag eller naturfagdidaktikk og har i tillegg fullført praktisk-pedagogisk utdanning, anna tilsvarande utdanning eller dokumentert pedagogisk/didaktisk utviklingsarbeid.
  • Stipendiatar som blir tilsett må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet.
  • Søkjarar må leggje ved ei prosjektskildring på inntil seks sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Det er ein føresetnad at prosjektskildringa blir skriven i samsvar med den faglege vinklinga i arbeidspakke 4 i TRELIS. Søkjarar kan få noko rettleiing på den førebelse prosjektskildringa. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med rettleiarar.
  • Ein må kunne dokumentere gode studieresultat på masterstudiet. Normalt vil det vere karakter B eller betre på masteroppgåve og på gjennomsnitt av studiedel av masterstudiet.
  • Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetjing.
  • Endeleg plan for forskarutdanning skal vere godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter at ein er teke til i stillinga.

Personlege eigenskapar:

Den som blir tilsett:

  • Må vere nytenkjande og kunna arbeida sjølvstendig og i eit fellesskap.
  • Må ha personlege kvalitetar som blant anna viser fullføringsevne og evne til struktur
  • Må ha gode ferdigheiter i eit skandinavisk språk og engelsk, skriftleg og munnleg.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:

  • Prosjektskildringa sin vitskaplege kvalitet
  • Prosjektskildringa sin relevans for arbeidspakke 4 i TRELIS
  • Vedlagte vitskaplege arbeid
  • Andre relevante publikasjonar
  • Erfaring frå tidlegare forskingsaktivitetar, utviklingsarbeid og prosjektdeltaking
  • Erfaring med å ha undervist på grunnskule-, vidaregåande-, høgskule- eller universitetsnivå vil kunne telje positivt

Stillinga blir sett på som ei viktig rekrutteringsstilling til vitskapleg stilling ved universitet/høgskule.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer oppmerksam på at søknader blir vurderte ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved utløpet av søknadsfristen. Det er ansvaret til søkar å sørga for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovedfagsoppgaven og inntil fem vitskaplege arbeid dei ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskildring, attestar og vitnemål.Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta oppattesterte omsettinger. Viss vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke

Søkar må i tillegg legga ved NOKUT si generelle vurderinga om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarer med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer oppmerksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søka stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innansøknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har fått søknaden din.

Søkarar blir vurderte av eit sakkunnig utvalg. Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1017 - stipendiat, lønnstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar Merete Økland Sortland, telefon: +4753491428 / +4790955465, e-post: mos@hvl.no
  • Førsteamanuensis Idar Mestad, telefon: +47 55 58 58 98, e-post: Idar.Mestad@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS