LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Prosjektstilling knytt til fotballsamarbeidet på campus Sogndal

Søknadsfrist: 25.11.2021

Høgskulen på Vestlandet

Sogndal Fotball


Sogndal IL Fotball har sidan 1970-talet vore ein toppklubb i norsk fotball. Samstundes er Sogndal IL Fotball ein viktig utviklingsaktør i vår region med stort samfunnsansvar. Vi skal vere ei drivkraft for utvikling med utgangspunkt i miljøet på Fosshaugane - campus Sogndal. Det er i alt 20 tilsette og 25 spelarar i organisasjonen. Sogndal IL Fotball omset for ca. NOK 30 mill. For meir informasjon, sjå Sogndal Fotball.

NFF Sogn og Fjordane


NFF Sogn og Fjordan er ein del av Norges Fotballforbund (NFF), som er landet sitt største særidrettsforbund. Av dei 18 fotballkretsane organiserer NFF Sogn og Fjordane fotball-aktiviteten innan Sogn og Fjordane som består av 71 klubbar som aktiviserer rundt 1 100 lag. Kretsen har 6 tilsette, og omset for snart NOK 9 mill. kvart år. Kretskontoret ligg på campus Sogndal, tett på Sogndal Fotball og HVL. For meir informasjon, sjå NFF Sogn og Fjordane


Høgskulen på Vestlandet (HVL)


HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. I tillegg til å vere ein dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet har fakultetet eit breitt tilbod av idrettsfaglege utdanningar på bachelor- og masternivå. Institutt for idrett, kosthald og naturfag (IIKN) har ca. 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Av relevante utdanningar for stillinga tilbyr instituttet bachelor i idrett, trening og helse med studieretning idrett og trenarrolla og master i idrettsvitskap. Tilsette ved instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktivitetet ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Forskingsgruppa Trening, utvikling og prestasjon er av særleg relevans for stillinga. For meir informasjon, sjå HVL - FLKI - Institutt for idrett, kosthald og naturfag

Det er ledig ei prosjektstilling knytt til fotballsamarbeidet mellom Sogndal Fotball, HVL v/Institutt for idrett, kosthald og naturfag og NFF Sogn og Fjordane.

Den som vert tilsett vil samarbeide tett med alle tre partar, men vil ha sitt tilsettingsforhold knytt til Sogndal Fotball.

Sogndal Fotball, HVL og NFF Sogn og Fjordane har mange års erfaring kring utdanning, forsking og trenarutvikling. I samband med oppretting av ei ny bachelorutdanning innan idrett og trenarrolla og ønskje om utvikling av kompetansemiljøet på fotball i regionen inngår vi no eit tettare samarbeid og lyser ut ei prosjektstilling knytt til dette fotballsamarbeidet i tida 01.01.2022-31.12.2023.

Arbeidsstaden er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Koordinere fotballsamarbeidet på Campus Sogndal/Fosshaugane Campus
  • Koordinering og fagleg ansvar for aktivitet i analyselaboratoriet
  • Koordinering og fagleg ansvar for HVL studentar med fotballpraksis i krets og klubb
  • Undervisning og rettleiing, i hovudsak knytt opp mot bachelorutdanninga ved HVL studieretning idrett og trenarrolla
  • Bidra med å etablere forskings- og utviklingsarbeid med utgangspunkt i fotballsamarbeidet
  • Soneansvarleg for NFF sone Sogn for gutar og jenter

Kvalifikasjonskrav:

Den som vert tilsett må ha/vere:

  • A-lisens fotball
  • Mastergrad/hovudfag med relevans for stillingsprofilen
  • God teknisk kompetanse og erfaring med bruk av analysesystem, som til dømes Hudl programma
  • Kjennskap til NFF sin spelarutviklingsmodell – Landslagsskulen
  • Personleg egna for stillinga, ha gode samarbeids- og formidlingsevner, evne til å arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar og utøvarar er påkravd.

Arbeidsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, munnleg og skriftleg.

Idretten krev framvising av politiattest utan merknad frå alle personar over 15 år som utfører oppgåver som inneber eit ansvars- eller tillitsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming. Søkjarar må difor levere politiattest ved søknaden.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • NFF trenerrettleiar
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå skuleverket eller høgare utdanning
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Sogndal Fotball, HVL og NFF Sogn og Fjordane vil alle vere delaktige i tilsettingsprosessen, men den tilsette vil ha sitt tilsettingsforhold knytt til Sogndal Fotball. Den som vert tilsett må pårekne noko arbeid på kveld og i helgar og noko reising.

Vi tilbyr:

  • Sogndal Fotball har pensjonsavtale og gruppelivsforsikring
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og -utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida
  • Løn etter avtale i stilling som prosjektleiar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til nokon av dei tre partane.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Det er eit personalpolitisk mål å i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Kvinner vert oppmoda om å søkje.

Sogndal Fotball er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar knytt til stillinga er:

1) Sogndal Fotball: Konstitutert dagleg leiar Ole Erik Grinde, tlf.: 975 81 679, e-post: oeg@sogndalfotball.no

2) HVL: Assisterande instituttleiar Ane Solbraa, tlf.: 57 67 60 81 / 909 53 275, e-post: ane.solbraa@hvl.no

3) NFF Sogn og Fjordane: Kretsansvarleg spelarutvikling Jan Tore Jåstad, tlf.: 993 77 776, e-post: jantore.jastad@fotball.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS