Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Høgskolelektor i vernepleie

Søknadsfrist: 28.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Høgskulelektor innan fagområde vernepleie

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100% mellombels stilling som høgskulelektor innan fagområde vernepleie ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Bergen

Ved Institutt for velferd og deltaking er det ledig 2,5 års vikariat i 100 % stilling som høgskulelektor i vernepleie. Stillinga er knytt til bachelorutdanninga i vernepleie ved Campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde vernepleie
  • Oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, evaluering og sensur
  • Arbeid med internasjonale nettbaserte studiar
  • Deltaking i institusjonsbyggjande arbeid; m.a. kvalitetsutvikling av utdanningane, koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt. Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i vernepleie, men den som vert tilsett må og pårekne undervisning- og rettleiingsoppgåver i andre studietilbod i instituttet og på tvers av campus.

Kvalifikasjonar:

  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha profesjonsutdanning i vernepleie eller sjukepleie og ha relevant mastergrad.
  • Anna relevant utdanning innan helse- og sosialfag kan også tas i betraktning.
  • Kunnskap og arbeidserfaring med menneske med funksjonsnedsetjingar er ein føresetnad
  • Pedagogisk erfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, engelsk eller anna skandinavisk språk.
  • God IT-kompetanse
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, nye undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato. Undervisningsspråket er norsk.

Ønska kvalifikasjonar

  • erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Personlege eigenskaper:

  • Sjølvstendig og ansvarleg og ha interesse for å utvikle vernepleieutdanninga
  • Evne til å ta initiativ, både til faglege og sosiale aktivitetar
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Kriterier for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 høgskulelektor.

Frå lønn vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Fagseksjonsleder Unni Aasen, Tlf 57 67 62 36

Søk stilling

Powered by Labrador CMS