Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Fast stilling som høgskulelektor i datafag

Søknadsfrist: 22.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar.

Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.


Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ledig stilling som høgskulelektor innan datateknologi ved campus Førde

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til bachelorutdanninga i informasjonsteknologi i Førde. Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, vurdering og oppfølging av studentar innan datafagleg utdanning.Aktuelle kandidatar må kunne undervise i innføringsemne for ingeniørstudentar, systemutvikling og metodelære for bacheloremnet.

Arbeidet kan også inkludere noko koordinering av studiet i Førde, sørge for godt samarbeid med dei som underviser på tilsvarande studium i Bergen, involvering av lokale bedrifter i undervisninga og sørgje for god dialog med studentane i Førde om studieadministrative saker. Informasjonsteknologistudiet i Førde har eit godt samarbeid med næringsklynga for IKT i nærregionen, og per i dag er det eit fagmiljø rundt realfag, robotikk og automatisering i Førde, men ingen fast tilsette ved informasjonsteknologi-studiet. Den som vert tilsett må kunne bidra i etableringa av eit fagleg miljø rundt utdanninga innan datateknologi i Førde og leggje til rette for samarbeidsprosjekt med næringslivet.

Arbeidsstad er campus Førde.

Kvalifikasjonskrav:

Vi søker etter ein engasjert medarbeidar som er sjølvstendig, har innsatsvilje og gode kommunikasjons– og samarbeidsevner.

For stillinga er det krav om mastergrad eller høgare utdanning i informatikk/datateknologi eller tilsvarande. Dersom den som blir tilsett har relevant doktorgrad kan det søkast om opprykk til førsteamanuensis. Ein kan òg søke opprykk til førstelektor dersom ein har kvalifikasjonar til det.

Den som vert tilsett i stillinga må ha brei kompetanse innan datateknologi med vekt på programmering, systemutvikling og nyskaping.

Det vil vere ein fordel med erfaring frå gründerverksemd innan IT-bransjen, og det blir lagt vekt på kjennskap til lokalt næringsliv, pedagogisk kompetanse og erfaring frå undervisning innan høgare utdanning, kursverksemd og liknande.

Søkarar som ikkje kan dokumentere pedagogisk kompetanse ved tilsetting er forplikta til å gjennomføre høgskulen sitt kurs i høgskulepedagogikk eller tilsvarande etter nærare avtale.

Undervisningsspråket er norsk, og det er ein føresetnad at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskjet ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar, campus Førde, Eli Nummedal tlf 48 21 87 55 e-post eli.nummedal@hvl.no

2) Assisterande instituttleiar, datateknologi, Pål Ellingsen tlf 55 58 76 02 e-post pal.ellingsen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS