LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Assisterande instituttleiar ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag

Søknadsfrist: 15.12.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 700 årsverk og 16 600 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 300 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.

Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ledig åremålsstilling som assisterande instituttleiar ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag for perioden 01.01.2022 - 31.12.2025, campus Haugesund

Om stillinga:

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) har ledig åremålsstilling som assisterande instituttleiar ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.01.2022.

Instituttet har om lag 950 studentar og 140 tilsette i Bergen, Førde og Haugesund. Instituttet har ansvar for undervisning i matematikk, fysikk og statistikk på ingeniørutdanningane ved FIN, samt forkurs til ingeniørutdanningane, bachelorutdanningar i informasjonsteknologi og ingeniørutdanningar i automatisering med robotikk, datafag, elkraftteknikk, elektronikk og kommunikasjonsteknologi. Instituttet har også masterprogram i programvareutvikling saman med Universitetet i Bergen. I tillegg har instituttet ansvaret for doktorgradsprogram i datateknologi.

Assisterande instituttleiar skal bistå instituttleiar i leiinga av instituttet og vil ha personalansvar for deler av personalet i instituttet. Det faglege funksjonsansvaret inneber ansvar for instituttet sine fag eller kunnskapsområde i utdanningsprogram, overordna ansvar for oppfølging av studentar i programma og kopling mellom instituttet og fakultetet sin forskingsaktivitet. Det vil inngå undervisningsoppgåver og/eller forsking innan instituttet sine fagområde i stillinga.

Arbeidsstad er campus Haugesund, og leiing av instituttet si verksemd i Haugesund vil vere den viktigaste arbeidsoppgåva knytt til stillinga. Det må reknast ein del reiseverksemd mellom campusane.

Det er for tida i tillegg fire andre assisterande instituttleiarar ved instituttet med ansvarsområde innan 1) datateknologi campus Bergen, 2) elektroteknologi campus Bergen, 3) realfag campus Bergen og 4) leiing av instituttet på campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sine fagområde i Haugesund (automatisering, matematikk, fysikk og statistikk)
  • Ivareta personal- og HMS-ansvar for ein del av instituttet sine tilsette
  • Bidra med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå, og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på phd-nivå
  • Sikre at studieplanane er i samsvar med fastsette krav og vidareutvikle kvalitet og relevans i studieprogramma
  • Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på instituttet
  • Bidra til godt samarbeid på tvers av campus og på tvers av institutt
  • Bidra til å utvikle forskingsbasert utdanning
  • Arbeide for internasjonalisering av utdanning og forsking
  • Systematisk kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanningane og fylgje opp studentevalueringar og andre tilbakemeldingar med sikte på at studentane lukkast i utdanningane
  • Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
  • Bidra til å vidareutvikle relasjonane til samarbeidspartnarar knytt til fagseksjonen sine utdanningar og fagområde
  • Tilrettelegge for at tilsette deltek i forskingsgrupper på tvers av fagseksjonar og institutt
  • Sjå til at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass
  • Ansvarleg for at fagseksjonen sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
  • Undervisning og/eller forsking innan instituttet sine fagområde i Haugesund (automatisering, matematikk, fysikk og statistikk) etter avtale med instituttleiar
  • Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultetet

Mynde

Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar. Vidare inngår assisterande instituttleiar i instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå.
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde på campus Haugesund (automatisering, matematikk, fysikk, statistikk)

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå undervisning på høgskule/universitetsnivå blir vektlagt
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt.

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette.
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
  • Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren.
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonar og praksisfelt som instituttet femnar om er ein føremon.
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • God forståing for moglegheiter i digitale løysingar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt. Gjennomføringsevne og
  • resultatorientering.
  • Løysings - og utviklingsorientering.
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som assisterande instituttleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Kristin Fanebust Hetland, epost kristin.fanebust.hetland@hvl.no, tlf. 55 58 76 32

Søk stilling

Powered by Labrador CMS