LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Assisterande instiuttleiar ved Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag

Søknadsfrist: 22.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.


Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.


Institutt for Sikkerhet, kjemi- og bioingeniørfag har over 60 tilsette i heiltids- og deltidsstillingar. Dei fordeler seg med 7 professorar, 17 førsteamanuensar, 24 høgskolelektorar og 8 ingeniørar. I tillegg har ein 8 stipendiatar knytt til fagmiljøet på instituttet. Instituttet har fire bachelorprogram og eitt masterprogram. I Bergen har ein bachelorprogram for bioingeniørutdanning og kjemiingeniørutdanning. I Haugesund har ein bachelorprogram for branningeniørutdanning og HMS-ingeniørutdanning samt masterprogram i brannsikkerheit. Instituttet har laboratorier med topp moderne instrumentpark, ein brei forskningsaktivitet og eit nært samarbeid med mange bedrifter i regionen.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ledig åremålsstilling som assisterande instituttleiar ved Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag for perioden 01.01.2022 - 31.12.2025

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ledig åremålsstilling som assisterande instituttleiar ved Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.01.2022.

Assisterende instituttleiar skal bistå instituttleiar i leiinga av instituttet og vil ha personalansvar for delar av personalet i instituttet. Det faglege funksjonsansvaret inneber fagleg ansvar for instituttet sine fag eller kunnskapsområder i utdanningsprogram, overordna ansvar for oppfølging av studentar i programma og kopling mellom instituttet og fakultetet sin forskingsaktivitet.

Assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar

Arbeidsstad er Bergen eller Haugesund

Det må reknast ein del reiseverksemd mellom campusane.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sine område
  • Ansvar for dagleg drift av studium og utvikling av eit godt læringsmiljø
  • Ansvar for arbeidsplanar for delar av dei tilsette i instituttet
  • Personal- og HMS-ansvar for delar av instituttet sine tilsette
  • Sikre at studieplanane er i samsvar med fastsette krav og vidareutvikle kvalitet og relevans i studieprogramma
  • Bidra til samarbeid på tvers av institutt
  • Bidra til å utvikle forskingsbasert utdanning
  • Arbeide for internasjonalisering av utdanning og forsking
  • Systematisk kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanningane og fylgje opp studentevalueringar og andre tilbakemeldingar med sikte på at studentane lukkast i utdanningane
  • Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
  • Bidra til å vidareutvikle relasjonane til samarbeidspartnarar knytt til fagseksjonen sine utdanningar og fagområde
  • Tilrettelegge for at tilsette deltek i forskingsgrupper på tvers av fagseksjonar og institutt
  • Ansvarleg for at fagseksjonen sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
  • Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultetet

Mynde

Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og assisterande instiuttleiar rapporterer til instituttleiar. Vidare inngår assisterande instituttleiar i instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå.
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt.

Generelle kompetansekrav

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette.
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
  • Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren.
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonar og praksisfelt som i femnar om er ein føremon.
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • God forståing for moglegheiten i digitale løysingar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt.
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering.
  • Løysings - og utviklingsorientering.
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som assisterande instituttleiar løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Søk stilling

Powered by Labrador CMS