Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Studierettleiar - Fakultet for helse- og sosialvitskap

Søknadsfrist: 06.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialfag ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har et ledig vikariat i 100% stilling som studierettleiar (seniorkonsulent)

Stillinga er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon og rapporterer til studieadministrativ leiar. Til stillinga ligg ansvar for rettleiing av studentar, handsaming av studieadministrative saker, kvalitetssikring av studieprogram og emne og samarbeid med fagmiljøet. Andre relaterte ansvarsområde kan også vere aktuelle. Vikariatet gjeld i perioden 01.02.2021 - 31.01.2022.

Arbeidsstaden er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett må kunne utføre koordineringsarbeid, saksbehandling, utgreiingsarbeid, og/eller andre oppgåver som føreset stor grad av sjølvstende, analytisk kompetanse og evne til problemløysing.

Aktuelle arbeidsoppgåver kan være:

  • Arbeid med utdanningsplanar og klargjering av vitnemål
  • Saksbehandling av studentsaker
  • Rettleiing av studentar
  • Administrativ støtte til råd og utval
  • Kvalitetssikring av studieadministrativt arbeid knytt til studieprogram og emne
  • Rettleie vitskapleg tilsette i bruk av emneplanlegging på nett (EpN)
  • Arbeid med studentrekruttering og internasjonalisering
  • Samarbeid med emneansvarlege, fagseksjonsleiarar og instituttleiarar
  • Samarbeid med personar i fakultetsadministrasjonen og fellesadministrasjonen på alle fem campus

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
  • Relevant erfaring frå forvaltning og saksbehandling
  • Gode IKT-kunnskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Lang og relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.

Det er også ønskeleg med:

  • Erfaring frå og god kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • Spisskompetanse innan studieadministrative oppgåver
  • Erfaring med FS
  • Erfaring frå utgreiings- og kvalitetssikringsarbeid

Personlige egenskaper:

  • Strukturert og sjølvstendig
  • God til å koordinere og planlegge eige arbeid
  • Gjennomføringsevne og løysingsorientering
  • Gode evner til kommunikasjon og samhandling
  • Positiv og gode samarbeidsevner
  • Motivasjon og personleg eignaheit vert tillagd stor betydning

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som studierettleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Studieadministrativ leder, Kristin Senneset, 55 58 57 54

Søk stilling