Då er det deg vi ser etter – Openstack systemingeniør
Søknadsfrist: 26.06.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga:
Ver med å forme framtidas IT-teneste for forsking ved UiB!
Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester er det ledig stilling som Openstack systemingeniør, (avdelingsingeniør / overingeniør / senioringeniør) i gruppa for datasenter.
IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 140 tilsette, og i tillegg lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Sjå meir om avdelinga her: https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uib
Gruppa for datasenter inngår som del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for drift og utvikling av Openstack tenesta NREC (sjå https://www.nrec.no/). IT-avdelinga styrker nå gruppa i samband med at det skal opprettast ein ny region i skytenesta. NREC er drifta i eit samarbeid mellom UiO og UiB og skal nå utvidast med deltaking frå Sigma2. (https://www.sigma2.no)
Arbeidsoppgåver:
Drift og utvikling av våre interne skyløysingar
Drift av lokale GPU ressursar – (LLM/AI)
Andre driftsoppgåvar innan linux
Brukarstøtte og feilsøking
Saksbehandling på høgare teknisk nivå
Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
God kjennskap til Linux
God kjennskap til kodedefinert infrastruktur
Kjennskap til Openstack, Kubernetes, nettverk, Software defined storage (ceph)
Kompetanse på KVM – virtualisering (Linux)
Ønskeleg med erfaring rundt optimalisering/HPC
IT-teknisk kompetent, nysgjerrig og svolten på å lære nye ting
Høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt
Du er god til å samarbeide og til å bygge relasjonar internt og eksternt. I tillegg evner du å forstå behova til brukarane våre
Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga
For avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) løn 577 000 - 630 000, overingeniør (kode 1087) løn 642 000 – 710 000, eller senioringeniør (kode 1181) løn 722 000 – 850 000 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: gruppeleiar Christoffer Krzywinski (christoffer.krzywinski@uib.no, mobil 982 43 689) eller seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.