Forskar - toårig stilling ved Institutt for politikk og forvaltning
Søknadsfrist: 01.09.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Forskar
Ved Det samfunnsvitskapelege fakultet, Institutt for politikk og forvaltning, er det ledig ei midlertidig fulltidsstilling som forskar for ein periode på 2 år. Stillinga er knytt til prosjektet RAISE: Monitoring Hub for Mapping and Surveying Responsible Artificial Intelligence and Societal Engagement in the Nordic Region, finansiert av Nordforsk-programmet Responsible Use of Artificial Intelligence.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Om prosjektet:
RAISE undersøkjer korleis kunstig intelligens (KI) påverkar avgjerder, skjønsutøving og tilliten til offentlege institusjonar i Norden. Prosjektet tek utgangspunkt i eit samfunnsvitskapeleg rammeverk for ansvarleg bruk av KI, med vekt på «digital verdigheit», rettvis representasjon, anerkjenning og innbyggjarinvolvering. Gjennom kartlegging og komparative analysar av KI-bruk på tvers av sektorar og land utviklar prosjektet ny kunnskap om korleis KI inngår i og omformar offentleg forvaltning og styring. Prosjektet kombinerer empirisk kartlegging med teoretisk utvikling og legg særleg vekt på implikasjonar for demokrati, forvaltningspraksis og legitimitet. Som ein del av arbeidet blir det etablert ei felles nordisk plattform for å analysere, overvake og synleggjere korleis KI påverkar offentleg sektor.
Om stillinga og arbeidsoppgåver:
Forskaren skal arbeide saman med prosjektleiaren om å ferdigstille forskingsoppgåver i RAISE-prosjektet og vil vere ein del av det nordiske prosjekt-teamet. Det er forventa at forskaren skal ha Bergen som arbeidsstad.
Arbeidsoppgåvene vil omfatte å:
Bidra til gjennomføring av RAISE-prosjektet gjennom deltaking i prosjektaktivitetar, prosjektmøter og andre relevante oppgåver etter behov
Bidra til planlegging og gjennomføring av spørjeundersøkingar retta mot innbyggjarar og ekspertar i Noreg
Gjennomføre kvalitative forskingsintervju med aktørar i norsk offentleg forvaltning
Bidra til analyse og tolking av kvalitative og kvantitative data
Samarbeide om utarbeiding av vitskapelege manuskript og bidra til publisering av forskingsarbeid knytt til prosjektet
Delta i utarbeiding av rapportar, policy-notat og andre prosjektleveransar
Presentere forskingsresultat på nasjonale og internasjonale konferansar, seminar og workshopar
Delta i organisering av prosjektseminar, møte og faglege arrangement
Bidra til formidling frå prosjektet og prosjektresultata til relevante målgrupper.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i statsvitskap eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at graden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Dokumentert erfaring med forsking i statsvitskap og offentleg forvaltning og styring er eit krav.
Erfaring med forsking på digitalisering og bruk av kunstig intelligens i offentleg sektor er ein fordel.
Kompetanse og erfaring med både kvalitative og kvantitative samfunnsvitskaplege metodar er eit krav.
Erfaring frå deltaking i eksternfinansierte internasjonale forskingsprosjekt er ein fordel.
Særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk eller anna skandinavisk språk
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved vurderinga. Kandidaten må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med vitskapeleg kreativitet, ha høg arbeidskapasitet, gode samarbeidsevner samt sterk motivasjon og engasjement for forsking.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Årsløn som forskar, stillingskode 1109, NOK 685 900, - ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteresser, erfaring og motivasjonen for å søkje stillinga
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
CV
Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 1. september 2026.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Lise H. Rykkja, e-post: lise.rykkja@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.