Seniorkonsulent i praksisadministrasjonen - Fakultet for helse- og sosialvitskap
Søknadsfrist: 22.10.2020
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig fast stilling som praksiskonsulent tilknytta studieadministrasjonen ved campus Bergen
Om stillinga:
Stillinga er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon og rapporterar til studieadministrativ leiar. Praksisadministrasjonen på fakultetet er lokalisert på fleire campus, og desse samarbeider tett med kvarandre, studierettleiarane, kvalitetsrådgjevarar, felles administrasjonen, fagpersonar og praksisfeltet.
Den som blir tilsett må gjere seg kjend i det geografisk området til praksisfeltet, og det må påreknast reiseverksemd mellom dei ulike campusa.
Arbeidsstad er campus Bergen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
innhenting og fordelinga av praksisplassar
kommunikasjon og informasjonsflyt mot studentar, vitskapleg tilsette og praksisfeltet
sakshandsaming av studentsaker
andre påkommande arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
relevant erfaring frå forvalting og sakshandsaming
gode IKT-kunnskapar
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Lang og relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
Personlege eigenskapar:
strukturert og sjølvstendig
god til koordinere og planlegge eige arbeid
gjennomføringsevne og løysingsorientering
gode evner til kommunikasjon og samhandling
positiv og gode samarbeidsevner
motivasjon og personleg eignaheit vert tillagd stor betyding.
Det er ønskjeleg at den som blir tilsett har erfaring frå praksisfeltet eller praksisadministrasjon.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som seniorkonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkinga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.