LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førstekonsulent - Avdeling for studieadministrasjon

Søknadsfrist: 25.11.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for studieadministrasjon er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Avdelinga har ansvar for eksamen, studentopptak og fyrstelinjeteneste, og eit medansvar for studentrekruttering.


Eining for eksamen har 25 tilsette fordelt ved alle fem campus: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon, Eining for eksamen, er det ledig 100% vikariat som førstekonsulent.

Om stillinga:

Stillinga er knytt til Avdeling for studieadministrasjon, Eining for eksamen som har ansvar for organisering og gjennomføring av eksamen på campus Sogndal. I tillegg kan det bli aktuelt med noko arbeid i høgskulen si fyrstelinje, Servicetorget. Eining for eksamen har 25 fast tilsette, der 4 tilsette er knytt til campus Sogndal.

Arbeidsstaden er campus Sogndal og vikariatet er ledig i perioden 01.01.2022 - 01.06.2022.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Eksamensførebuande arbeid og gjennomføring av eksamen, samt informasjons- og rettleiingsansvar knytt til eksamensrelevante spørsmål
  • Sakshandsaming (søknads- og klagehandsaming av enkeltvedtak)
  • Samarbeid med fakulteta sine faglege- og administrativt tilsette
  • Andre studieadministrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Krav til stillinga:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå
  • Erfaring frå liknande arbeid i universitets- og høgskulesektoren vert vektlagt
  • Erfaring med sakshandsaming i offentleg sektor er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God digital forståing og kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med bruk av Felles studentsystem (FS)

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel, sjølvstendig, og med gode samarbeidseigenskapar
  • Trivast med å jobbe i eit hektisk miljø
  • Serviceinnstilt
  • Løysingsorientert og systematisk

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Einingsleiar Gunhild Raunsgard, tlf.: 55 58 76 28, e-post: gunhild.raunsgard@hvl.no

2) Avdelingsleiar Espen Fosse, tlf.: 52 70 26 16, e-post: espen.fosse@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS