LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Seniorkonsulent / rådgjevar innan informasjonsforvalting / arkiv

Søknadsfrist: 21.06.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.


Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver.

Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering, har ledig ei fast stilling som seniorkonsulent/rådgjevar innan informasjonsforvalting / arkiv

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet har ei ledig stilling ved eining for Dokumentasjons- og informasjonsforvaltning, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering. Eininga dekker aktivitet på alle fem studiestader og baserer aktiviteten på felles prosessar. Avdelinga skal gå føre i god bruk og utvikling av ressursar på tvers av studiestadane.

Eininga blir leia av fagleg leiar, og rapporterer til avdelingsleiar for organisasjonsutvikling og digitalisering, som har personal- og budsjettansvar for tenesteområdet. Eininga er i kraftig utvikling, og dei tilsette må ta del i det digitaliseringsskiftet som pågår i sektoren. Høgskulen på Vestlandet bruker sak- og arkivsystemet Public360.

Arbeidsstaden kan vere campus Førde, Sogndal, Bergen, Haugesund eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ta del i daglege driftsoppgåver
  • Brukarstøtte og rettleiing
  • Delta i utviklingsoppgåver i eininga
  • Delta i vedlikehald og utvikling av internrevisjon for fagområdet
  • Halde seg oppdatert på fagområdet og regelverket, særleg for universitets- og høgskulesektoren
  • Andre oppgåver kan kome til

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetting som seniorkonsulent er det krav om relevant utdanning på bachelor- eller masternivå. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning
  • For tilsetting som rådgjevar er det krav om høgre utdanning på minst bachelornivå, fortrinnsvis master
  • Du har god og relevant teknologiforståing
  • Du forstår offentleg forvalting
  • Du har god innsikt i krava som blir sett til kvalitetssikring og gode administrative tenester
  • God skriftleg og munnleg i norsk og engelsk
  • Relevant erfaring

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig, nøyaktig og interesse for fagfeltet
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du kan delta i større utviklingsoppgåver innan fagfeltet, i og for høgskulen
  • Du er open og ønskjer å bidra til både det faglege og sosiale miljøet
  • Du liker å ta ansvar, gjennomføre og sluttføre oppgåver

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent eller 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleder, Wiggo Hustad, tlf 57 67 61 65

Søk stilling

Powered by Labrador CMS