LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Mellombels stilling (vikar) som førsteamanuensis (100 %) i helsefremjande arbeid og helsepsykologi

Søknadsfrist: 10.07.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/ universitetslektor (vikar)

Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) ved Det psykologiske fakultet har ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis (100 %) i helsefremjande arbeid og helsepsykologi i perioden 1. august 2022 til 30.juni 2023. Dersom det ikkje melder seg aktuelle søkjarar med førsteamanuensiskompetanse, kan det bli aktuelt å tilsetje i ei universitetslektorstilling

HEMIL utfører forsking og tilbyr utdanningsprogram innan helsefremjande arbeid, barnevern og globale utviklingsstudier. Instituttet har nært samarbeid med forskarar ved andre fakultet og er ein internasjonalt leiande akademisk institusjon innanfor helsefremjande forsking

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett vil ha sin arbeidsplass ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) og arbeidsoppgåvene vil verte knytt til

  • undervising, emneansvar og rettleie på de ulike emnene ved masterstudiet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi
  • publisering, formidling og faglege administrativt arbeid ved instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkar må ha doktorgrad innafor helsefremjande arbeid/helsepsykologi, eller ein tilsvarande relevant samfunnsvitskapeleg disiplin
  • Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det bli aktuelt å tilsetje universitetslektor
  • Det er eit krav at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk og engelsk
  • Søker må kunne rettleie både på kvalitative og kvantitative oppgåver
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Førsteamanuensis får løn etter lønstrinn 68 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 626 100 – 702 100 brutto.
  • Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Universitetslektor får løn etter lønstrinn 56-63 (kode 1009/lønsramme 25, minimum alternativ 10). ) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Det utgjer ei brutto årsløn på kr 498 800-566 700. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over (ti)vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Opptil ti vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurderte ut frå informasjon og vedlegg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga, i sin heilskap blir lasta opp som vedlegg til søknaden; jamfør siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Ellen Haug e-post: ellen.haug@uib.no tlf:+ +47 95809548

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS