Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis i klinisk ernæring
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i klinisk ernæring. Stillinga skal vere knytt til Senter for ernæring ved Klinisk institutt 1.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som skal tilsetjast skal arbeide med forsking innan klinisk ernæring i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking på området
Rettleiing av doktorgradskandidatar
Rettleiing av masterstudentar i human og klinisk ernæring
Rettleiing av bachelorstudentar i ernæring
Undervisning på bachelorstudiet i human ernæring, og masterstudiene human- og klinisk ernæring
Bidra i strategisk utvikling av undervisningstilbod innanfor ernæring
Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha norsk doktorgrad i ernæring eller tilsvarande kompetanse og godkjenning som klinisk ernæringsfysiolog i Norge
Den som vert tilsett skal undervise i heile bredda av ernæringsstudiane, både på master- og bachelornivå, og både på norsk og engelsk
Det vil bli lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
Det vil bli lagt vekt på evne til å få fram eigne forskingsmidlar
Klinisk erfaring som klinisk ernæringsfysiolog er ein føremon
Den tilsette skal arbeide med klinisk ernæring i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking innan området. En oversikt over pågående forskingsprosjekter finn ein på www.uib.no/ernaring
Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.
Vi tilbyr:
eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
løn etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Jutta Dierkes. E-post: jutta.dierkes@uib.no, telefon: 55977344
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.