LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis - Institutt for sosialantropologi

Søknadsfrist: 30.01.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved institutt for sosialantropologi er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis innan sosialantropologi med særleg kompetanse innan migrasjon og velferdsstat i Skandinavia.

Institutt for sosialantropologi er eit av dei største sosialantropologiske fagmiljøa i Europa, med for tida 16 fast vitskapeleg tilsette, 5 postdoktorstipendiatar og 17 ph.d.-stipendiatar. Tilsette og stipendiatar driv forsking og feltarbeid i dei fleste delar av verda, og er heim for fleire større forskingsprosjekt. For vidare detaljar visar vi til instituttet sine nettsider, http://www.uib.no/antro. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett forventast å bidra til langsiktig utvikling av forskings- og undervisningsmiljøet ved instituttet, og delta i undervisning, rettleiing og eksamensarbeid på alle nivå og på tvers av de fleste vanlege antropologiske emnar, samt utføre administrative oppgåver og delta i komitéarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i sosialantropologi
  • Det er eit krav at søkjaren har fagleg kompetanse til å undervise i tema migrasjon og velferdsstat i Skandinavia.
  • Det er ynskjeleg at søkjarane har synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå.
  • Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet, vil forskinga frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt.
  • Erfaring frå å søke og lede ekstern finansiert forskingsprosjekt er ein fordel.
  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Samarbeidseigenskapar, planer for forsking og ambisjonar for egen undervisning tilleggas vekt.
  • Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjing.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje). Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Årleg løn mellom kr. 661 400,- - 728 100,- ved tilsetjing (tilsvarande lønssteg 70-75 i lønsregulativet til staten, kode 1011)) Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar der kor det er naudsynt for å klargjere ditt bidrag
  • Undervisingsportfolio. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Vennligst fyll ut dette skjemaet og legg ved søknaden Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisningsmateriell, evalueringsrapportar og eventuelle mottekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Søknadsfrist: 30. januar 2023

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Synnøve Bendixsen, synnove.bendixsen@uib.no

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgivar Bodil Hægland, bodil.hagland@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS