LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis (innstegsstilling) i informatikk – anvendt kryptologi

Søknadsfrist: 30.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis (innstegsstilling) i informatikk – anvendt kryptologi

Institutt for informatikk ønskjer å rekruttere ein førsteamanuensis i informatikk – anvendt kryptologi i innstegsstilling. Dette er ei åremålsstilling med varigheit i seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som professor ved slutten av tilsetjingsperioden.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Instituttet har også nyleg etablert ei gruppe i fagdidaktikk. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr framtidsretta utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Instituttet er i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 800 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vere ved forskingsgruppa Selmersenteret for sikker kommunikasjon. Selmersenteret er ei internasjonalt leiande IKT-forskingsgruppe innan kryptografi, kodeteori, informasjonssikkerheit, Boolske funksjonar, sekvensdesign og kvanteinformasjonsteori. Gruppa består av 23 personar inkludert professorar, forskarar, postdoktorar og doktorgradsstudentar. Eit fagområde som er spesielt viktig for gruppa er Boolske funksjonar der gruppa skil seg ut som eit av verdas leiande forskingssenter. Den rette kandidaten må difor vera ein internasjonalt anerkjent ung talent i Boolske funksjonar og kunne dokumentera evna til å bidra til alle aktivitetane ovanfor. Målet med denne stillinga er å utvide aktivitetane til gruppa i anvendt retning. Den som skal tilsetjast må difor også demonstrere evne, intensjon og ambisjon til å bidra til forskinga ved Selmersenteret med eit anvendt søkjelys

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som skal tilsetjast

  • har ein norsk ph.d.-grad, eller ein ekvivalent grad, i informatikk, oppnådd ein gong dei siste 5 åra (kan utvidast p.g.a. permisjon i samband med fødsel eller adopsjon)
  • har ein sterk bakgrunn i informatikk og matematikk med spesialisering i kryptografi, spesielt kryptografiske Boolske funksjonar
  • har brei erfaring med programmering, spesielt med Magma programmeringsspråk
  • har motivasjon, entusiasme og evne mot anvendte retningar i kryptografi,
  • har erfaring med å organisera vitskapelege hendingar, og med redaksjonelt (gjennomgang) arbeid,
  • har brei undervisningserfaring og demonstrerer evne til oppsøkande verksemd og kommunikasjon,
  • har ein forskingsprofil som vil styrke Selmersenteret,
  • har erfaring frå internasjonalt forskingssamarbeid,
  • kan dokumentere tidlegare forsking i form av ei sterk publikasjonsliste,
  • er i stand til å arbeide uavhengig, og har gode samarbeidsevner,
  • er i stand til å bidra i forskingsgrupper, både som leiar og som deltakar,
  • er forventa å bidra til søknader om eksternt finansierte forskingsaktivitetar,
  • har glimrande evner i munnleg og skriftleg engelsk

Personlege og relasjonelle kvalitetar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje når søkjarane blir evaluerte.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

Dette innebere dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Om innstegsstillinga

Ordninga med tilsetjing i innstegsstilling skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til professor i fast hovudstilling. Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon.

• For at søkjarar skal verte vurdert kvalifiserte, kan det ikkje ha gått meir enn fem år sidan avlagt doktorgrad. Søkjaren kan få tillegg i tid for permisjon knytt til fødsel eller adopsjon.

• Ei midtvegsevaluering skal utførast i starten av fjerde året.

• Ei sluttevaluering skal utførast i starten av det sjette året.

• Fast tilsetjing som professor avheng av ei tilfredsstillande sluttevaluering.

• Den som blir tilsett vil utføre dei same arbeidsoppgåvene som eit fast medlem av fakultetet.

• Ein ph.d.-stipendiat vil verte tildelt stillinga i løpet av andre året.

• Den som blir tilsett skal ha erfarne faglege mentorer i første halvdel av perioden.

Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå, og dessutan rettleiing av minst ein ph.d.-student for å oppnå dei påkravde kvalifikasjonane til professor ved utløpet av 6-årsperioden.

Nærare bestemt er det forventa at den tilsette skal:

  • undervise instituttet sine bachelorstudentar og masterstudentar innan kryptografi og andre relaterte fag som endelege kroppar, kodingsteori og informasjonssikkerheit,
  • når det trengs, til dømes når nye studieprogram skal etablerast, utvikle og undervise nye kurs som kompletterer eksisterande portefølje,
  • rettleie ph.d.- og masterstudentar innan Boolske funksjonar og kryptologi,
  • forske innan kryptografiske boolske funksjonar med ytterlegere vekt på anvendte retningar i kryptografi,
  • formidle vitskapeleg resultat på høgt anerkjend konferansar og i topprangerte tidsskrift,
  • utvikle boolske funksjonar leksikon og database som er utvikla og støtta av Selmersenteret,
  • i samarbeid med andre vitskapleg tilsette, utvikle optimeringsgruppa til å bli framifrå innan forsking og undervisning,
  • ta ei leiande rolle i søknadar om ekstern finansiering, og
  • delta i oppsøkjande verksemd når dette er aktuelt innan kryptografi og informasjonssikkerheit,
  • å delta i offentlege oppsøkande aktivitetar innan kryptografi og informasjonssikkerheit.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 68 - 74 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr 626 100– 702 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV,
  • vitnemål og attestar,
  • ullstendig publikasjonsliste,
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider),
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring,
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar,
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte, og
  • namn på tre referansar, der minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 30.09.2021.

Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim.

Tilsetjing er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Krav for å få fast tilsetjing som professor ved utløp av åremålsperioden

a. Forsking:

  • Kunne vise til god framdrift i utvikling av eiga forskarkarriere
  • Evne til sjølvstendig forsking, tverrfagleg samarbeid og forskingsleiing
  • Dokumentert sampublisering med andre forskarar i høgt rangerte internasjonale tidsskrift
  • Dokumentere aktiv deltaking og innlegg på nasjonale og internasjonale forskingskonferansar
  • Ha rettleia minst ein ph.d.-kandidat fram til fullført doktorgrad
  • Ha godt omdøme som forskingsrettleiar

b. Undervisning:

  • Ha deltatt i ordinær undervisning, rettleiing og eksamensavvikling
  • Ha oppnådd tilfredsstillande studentevaluering av eiga undervisning i løpet av åremålsperioden

c. Formidling:

  • Kunne vise til både profesjonsretta og allmennretta formidling av eiga forsking gjennom artiklar, foredrag, kronikkar og andre verkemiddel

d. Akademisk leiing:

  • Ha deltatt aktivt i det akademiske utviklingsarbeidet på institutt-, fakultets- og universitetsnivå.
  • Kunne vise til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og til deltaking i ulike forvaltingsorgan, sakkunnige nemnder, andre organ i sektoren og til samarbeid med andre relevante institusjonar
  • Kunne vise til oppdrag med fagfellevurdering av forskingspublikasjonar.

e. Internasjonalt samarbeid:

  • Aktiv deltaking i internasjonalt samarbeid, gjennomføring av samarbeidsprosjekt og publikasjonar med internasjonalt medforfattarskap.

Krav til tilsette i innstegsstilling som førsteamanuensis

I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast professorstilling. Innan fire år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om professorkompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som professor.

Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.

Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgongen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa.

Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som professor.

For å få fast tilsetjing som professor ved Institutt for informatikk (jamfør forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, § 2) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande krav til professorkompetanse som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS