LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis innen klima og energiomstilling ved Institutt for geografi

Søknadsfrist: 31.10.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis ved Institutt for geografi i klima og energiomstilling

Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis innan klima- og energiomstilling. Stillinga er lagt til instituttet i samarbeid med Senter for klima og energiomstilling (CET). Den som blir tilsett i stillinga skal bidra til å styrke forsking, undervisning og prosjektutvikling ved instituttet og ved CET innafor klima og energiomstilling.

Institutt for geografi tilhøyrar det samfunnsvitskapelege fakultet. Vi har ein profil som vektlegg samspelet mellom miljø, natur og samfunn i både lokale og globale kontekstar.

CET er eit tverrfagleg forskingssenter der målet er å produsere handlingsretta kunnskap om korleis ein kan oppnå djup, rask og rettferdig omstilling av samfunnet for å møte klimautfordringane.

Du kan lese meir om instituttet her.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som har stillinga vil dele pliktene sine mellom instituttet og CET. Det blir forventa at den som blir tilsett deler tida si mellom dei to einingane. Undervisningsdelen av stillinga vil i all hovudsak vere knytt til instituttet.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Ved CET må den tilsette bidra til prosjektgenerering, rettleiing og strategisk utvikling av tverrfaglege forskingsteam. Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene for CET -knytt til forskarar, inkludert CET sin lavkarbon reisepolicy.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i geografi eller tilsvarande fag.
  • Den om søkjer må ha ein sterk akademisk bakgrunn og ekspertise med relevans for instituttet sin faglege profil og dokumentert spesialisering innafor klima og energiomstilling.
  • Det er ynskjeleg at søkjarane har synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå.
  • God dokumentert progresjon i forsking og publisering og klare planar for forsking og publisering er ønskjeleg. Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet, vil forskinga frå dei siste fem åra verte særleg vektlagt.
  • Den som søkjer må vise interesse for tverrfagleg forsking, og erfaring med tverrfagleg forsking er ønskjeleg.
  • Erfaring med å utvikle, administrere og drive større eksternt finansierte forskingsprosjekt er ønskjeleg.
  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Samarbeidseigenskaper, planar for forsking og ambisjonar for eiga undervisning vert vektlagt.
  • Undervisningsspråket er til vanleg norsk eller engelsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjing.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje). Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med interesse for dagsaktuelle problemstillingar
  • Årsløn på kr. 708 000 – 759 100 brutto (kode 1011) tilsvarande lønssteg 71 - 75 i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar
  • Bergen by – ein gjestfri by med gode samband til europeiske byar og med ein unik miks av levande kulturliv og flott natur.

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som syner motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar der kor det er naudsynt for å klargjere ditt bidrag
  • Undervisningsportfolio. Ei samla framstilling som syner din erfaring innan undervising og rettleiing. Ver venleg å fylle ut dette skjemaet og legg ved søknaden Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisningsmateriell, evalueringsrapportar og eventuelle mottekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 31. oktober 2023. 

Søknaden skal merkast: 23/13233

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar ved Institutt for geografi Peter Andersen peter.andersen@uib.no tel. +47 55583063
  • Senterleiar ved CET Håvard Haarstad: havard.haarstad@uib.no tlf. + 47 55584581

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: Rådgjevar, HR-konsulent Bodil Hægland, bodil.hagland@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir vist til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS