Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis innan marin geovitskap
Det er ein ledig stilling som førsteamanuensis i marin geovitskap ved Institutt for geovitskap. Vi leitar breitt etter kandidatar innanfor feltet marin geovitskap som gjennomfører viktig forsking som vil bidra til å auke forståinga av geologiske, geofysiske og geokjemiske prosessar i det marine miljø. Stillinga vil bidra til å utvide vår forsking og utdanning innan marin geologi og marin geofysikk. Dette er kunnskapsområde som mellom anna er sterkt etterspurt i forbindelse med utbygging av infrastruktur for fornybar energi i norske havområde (til dømes havvind).
Om instituttet
Det overordna målet for Institutt for geovitenskap (GEO) er å utvikle ny kunnskap om jorda si oppbygging, utviklingshistorie og drivkreftene som påverkar jorda sin dynamikk. Instituttet har ei sentral rolle i UiB si strategiske satsing innan områda marin forsking, klima og energiomstilling. Utdanning spelar ei viktig rolle for å realisere våre ambisjonar og i 2020 fekk instituttet status som Senter for framifrå utdanning (SFU). Vi fokuserer difor i aukande grad på studentaktive læringsmetodar, samstundes som vi legg til rette for ein kollegial atmosfære der deling og formidling av undervisningspraksis er kjerneverdiar.
Forskingsaktivitetane ved instituttet er organisert rundt følgjande forskargrupper: Geofysikk, Geokjemi og geobiologi, Geodynamikk og bassengstudiar, og Kvartærgeologi og paleoklima. For tida har GEO ein fast vitskapleg stab på 40 tilsette, 33 postdoktorar og forskarar, rundt 55 doktorgradsstipendiatar og ein teknisk/administrativ stab på rundt 34 tilsette.
Vitskapleg tilsette ved instituttet har tilgang på moderne forskingsfasilitetar, inkludert Bergen Geoanalytiske Fasilitet med ei rekkje avanserte laboratorium, kraftig data-infrastruktur og havgåande forskingsfartøy. Fleire av desse har status som nasjonale infrastrukturfasilitetar.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi ser etter ein kandidat med dokumentert merittliste og stor interesse for å styrkje både utdannings- og forskingsporteføljen til Institutt for geovitenskap, og som aktivt vil bidra med å utvikle grunnleggande geovitskapleg kunnskap.
Den ideelle kandidaten er ein forskar som er tidleg eller midt i karrieren , med ekspertise innan marin geovitskap. Vi ønskjer oss ein kandidat som vil ta på seg ei leiande rolle i organisering av marine toktaktiviteter og undervisning i marin geovitskap. Kandidaten som får stillinga forventast å utvikle og oppretthalde eit sterkt, eksternt finansiert forskingsprogram innanfor feltet marin geovitskap, og med dette bidra med ny kunnskap og trene studentar med solid kompetanse innan marin geovitskap for å lette overgangen til grøn energi i Noreg og verda.
Kandidaten skal utfylle den eksisterande maringeologiske og geofysiske forskingsaktiviteten ved instituttet, og skal bidra til rettleiing av MSc- og PhD-prosjekter. Som vertsinstitutt for Senter for framifrå utdanning iEarth, er Institutt for geovitenskap forplikta til å utvikle ein undervisingskultur som oppmuntrar og støttar studentsentrerte, aktive undervisningsmetodar i høgare utdanning.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kvalifikasjonar innan marin geovitskap.
Erfaring med, og evne til å gjennomføre, vitskaplege tokt til havs er eit krav.
Tidlegare toktleiarerfaring er ei føremon.
Brei geovitskapleg kompetanse og -erfaring med regionale til lokale marine sedimentære prosesser på sokkelen eller kontinentalmarginar er eit krav.
Erfaring med glasiale marginar og glasiale prosessar er ei føremon.
Erfaring med geologiske og/eller geofysiske teknikkar som er relevante for å undersøkje fysiske prosessar og eigenskapar i sjøbotnen og grunn undergrunnen, vil bli vurdert som ein fordel.
Søkjarar bør ha ei sterk publikasjonsliste innanfor dei felta som er nemnt ovanfor, sett i samanheng med kor langt kandidaten har kome i karrieren sin.
Kandidaten som får stillinga skal kunne undervise og rettleie studentar innanfor relevante tema innan marin geovitskap på alle nivå. Undervisnings- og rettleiingserfaring innan relevante fag må dokumenterast i søknaden.
Erfaring med integrering av dataprogrammering i undervisning innan geovitskap er ein fordel.
Det vert forventa at søkjaren bidrar til eksternt finansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
Evne til å drive forsking i samarbeid med både eksterne og interne vitskapelege partnarar er eit krav.
Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
Erfaring med å kommunisere med, og arbeide saman med, personar utanfor akademia er ein føremon.
Søkaren må ha gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Krav til utdanningsfagleg kompetanse
Grunnleggande pedagogisk opplæring og erfaring med rettleiing av studentar på universitetsnivå er ein føresetnad for stillinga som førsteamanuensis.
Dette inneber dokumentasjon av:
fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.
Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den søkjaren som får stillinga vil få moglegheit til å delta på kurs for å lære norsk og må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter å ha starta i stillinga. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.
Universitetet i Bergen legg vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetting i vitskaplege stillingar.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Tilgang til forskingsfartøy i verdsklasse for undervising og datainnsamling.
Stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 708 000,- til kr. 870 900,- (svarar til lønssteg 71– 80). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.
Søknaden skal innehalde:
CV
Vitnemål og attestar
Fullstendig publikasjonsliste
Ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider).
Utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor).
Liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte.
Namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, epost: vivian.jacobsen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.