Førsteamanuensis innan automatisert kjemisk syntese / automatisert reaksjonsanalytisk teknologi
Søknadsfrist: 01.10.2023
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis innan automatisert kjemisk syntese / automatisert reaksjonsanalytisk teknologi
Ved Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan automatisert kjemisk syntese / automatisert reaksjonsanalytisk teknologi. Stillinga inngår i forskingsgruppa Kjemisk medisinsk teknologi, som er éi av fire tematisk orienterte forskingsgrupper ved instituttet.
Om instituttet
Kjemisk teknologi, kunnskap og kompetanse er essensielle faktorar for å møte aukande samfunnsbehov innan helse, miljø, berekraftig ressursutnytting, energi, nye material, kvalitetssikring og -analyser, for å nemne nokre tema som også står sentralt i berekraftsmåla (SDG) som FN har identifisert. Kjemisk institutt bidrar til å skape, anvende og formidle kjemisk kunnskap gjennom forsking og utdanning av høg kvalitet og i samarbeid med relevante regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og er vertskap for eller partner i studieprogram innan kjemi, nanoteknologi og -vitskap, medisinsk teknologi, farmasi, energi, og lektorutdanning. Vi har i dag 250 studentar, 80 tilsette inkludert 25 førsteamanuensar og professorar, og vi har 40 phd-kandidatar (alt i ca-tal). Kjemisk institutt har satsa strategisk på oppbygging av en moderne forskingsinfrastruktur og er bl.a. vertskap for den nasjonale NMR-plattforma.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde
Vi søkjer kandidatar med interesse for og merittar innan utvikling, tilrettelegging og bruk av moderne robotteknologi og AI-teknologi til syntetisk kjemi, inkludert High-throughput experimentation (HTE) og automatisert reaksjonsanalytisk teknologi. Personen som vi søkjer må vise evne og vilje til å utvikle ein forskingsaktivitet som samhandlar synergistisk med resten av det syntetiske miljøet ved instituttet, inkludert men ikkje avgrensa til medisinsk kjemi og katalyse. Stillinga ber undervisningsansvar for emne innan kjemi og medisinsk teknologi, og vi søkjer kandidatar med engasjement for kollegiale tilnærmingar til undervisning og forståing for samfunnsoppdraget til universitetsutdanningar.
Som eit strategisk tiltak har Kjemisk institutt skaffa kommersielle plattformer for HTE (eksperiment med høg gjennomstrøymning), både i batch- og flytmodus, og vi arbeider aktivt for å finansiere vidare utbygging av desse fasilitetane. Laboratorium for automatisert kjemi vil bli innvigd primo 2023 som ei plattform for å utvikle og utføre breie forskingsprosjekt som drar fordel av synergien mellom moderne robotikk og AI-teknologiar og eksperimentell kjemi. Laboratoriet vil òg vera eit knutepunkt for opplæring av studentar i slike tilnærmingar til syntetisk kjemi. Den utlyste stillinga er tillagt ansvaret som leiar for dette nye laboratoriet. Vi søker ein kreativ og entusiastisk forskar og pedagog med gode organisatoriske og menneskelege evner som vil bidra til å profilere laboratoriet og instituttet gjennom ei sterk forskingslinje.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkarar må ha ein doktorgrad innan kjemi eller andre tilsvarande relevante disiplinar.
Søkarar må ha dokumentert kompetanse innan forsking og utdanning innan område som er relevante for teknologidrevet syntetisk kjemi
Ei demonstrert interesse og talent for å nytta metodar på verkelege problem blir sett på som fordelaktig.
Den som vert tilsett må dokumentera forsking av høg internasjonal standard
Søkjarar må trivast med å jobba i forskings- og utdanningslag, både som leiar og som deltakar, og slik vise sterke samarbeids- og organisasjonsevner
Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
Eit sterkt internasjonalt nettverk blir sett på som fordelaktig
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Universitetet i Bergen er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Krav til utdanningsfagleg kompetanse
Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.
Dette inneber dokumentasjon av
fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.
Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.
Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 708 000,- til kr. 777 900,- (svarar til lønssteg 71–76). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.
Søknaden skal innehalde:
CV
vitnemål og attestar
fullstendig publikasjonsliste
ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.