LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i sosiologi / fagdidaktikk

Søknadsfrist: 01.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i sosiologi/ fagdidaktikk.

Sosiologisk institutt er ein del av det samfunnsvitskaplege miljøet ved Universitetet i Bergen, har 13 tilsette i faste vitskaplege stillingar, og samarbeider med andre sosiologmiljø nasjonalt og internasjonalt. Forskinga ved instituttet har ein bred fagleg profil konsentrert om tre område: Velferd, ulikskap og livsløp (VUL), Migrasjon, integrasjon og mobilitet (MIM) og Arbeid, kunnskap og utdanning (AKU). Vi har og ei gruppe knytt til arbeid med kvantitativ metode. Instituttet har eit årsstudium, bachelorprogram og masterprogram i sosiologi, og frå hausten 2021 master i sosiologi med integrert praktisk-pedagogisk utdanning (lektorprogram med master i sosiologi).

Den ledige stillinga vil vere knytt til lektorprogrammet. Vi søker ein person som er engasjert i samfunnskunnskap i skolen, og som ynskjer å forske på problemstillingar knytt til utdanning, undervisning, formidling av samfunnsfag i skolen og/eller fagdidaktikk. Dette er ein spennande moglegheit til å vere med å utvikle eit godt lektorprogram ved Sosiologisk institutt saman med dei andre involverte ved Universitetet i Bergen og å styrke det fagdidaktiske miljøet ved Samfunnsvitskapleg fakultet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Ansvar for undervisning på bachelor- og masternivå i sosiologi og fagdidaktikk på lektorprogram med master i sosiologi
  • Rettleiing av master- og doktorgradskandidatar
  • Samarbeid med andre involverte i lektorprogramma ved Universitetet i Bergen.
  • Forsking på området utdanning og samfunn og/eller fagdidaktikk i sosiologi
  • Ansvar for å søkje eksterne forskingsmidlar til forskingsprosjekt

Den som vert tilsett vil ha sine undervisningsoppgåver knytt til lektorprogrammet. Elles vil den som vert tilsett delta i instituttet sitt arbeid på linje med resten av den vitskaplege staben.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i sosiologi eller tilsvarande kvalifikasjonar i sosiologi
  • Det er ynskjeleg at søkjarane har synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan faget.
  • Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet, vil forskinga frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt.
  • Dokumentert evne til å hente inn eksterne forskingsmidlar er ein føremon
  • Søkjaren må ha relevant erfaring frå, engasjement for og kjennskap til skoleverket og/eller lektorutdanning
  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Evne til samarbeid og erfaring frå eller ambisjonar for forsking, formidlings- og utviklingsarbeid knytt til skolen og/eller lektorutdaninga vert særleg vektlagd.

Mellom dei kvalifiserte søkjarane vil det bli lagt stor vekt på kjennskap til skoleverket, interesse for fagdidaktikk og/eller forsking på området. Om søkjaren ikkje har slik kompetanse ønskjer vi ein plan for korleis søkjaren vil utvikla ein slik kompetanse i løpet av dei neste to åra.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå sjå lenkje. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 68-75 (kode 1011) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 618600 – 708 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som syner motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publiserte. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar der det er naudsynt for å klargjere ditt bidrag
  • Undervisingsportfolio. Ei samla framstilling som syner di erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisningsmateriell, evalueringsrapportar og mottekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobb Norge.

Søknadsfrist: 1. mars 2021.

Søknaden skal merkast: 20/12337

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Even Michal Endresen; even.endresen@uib.no,

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vert vist til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor rammene til den normale arbeidsplikt og faglege kompetanse, kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS