LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i rettsvitskap med særleg kompetanse innan energirett

Søknadsfrist: 22.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i rettsvitskap med særleg kompetanse innan energirett.

Ved fakultetet blir det undervist til graden master i rettsvitskap og ph.d.-graden.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjinga.

For å bli tilsett, må søkjaren ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning og norsk doktorgrad i rettsvitskap eller tilsvarande rettsvitskapleg kompetanse.

Søkjarar må dokumentere generell rettsvitskapleg kompetanse. Minst eitt arbeid må gje ein djuptgåande analyse med grunnlag i norske rettskjelder, eller som frå folkerettslege eller andre internasjonale rettskjelder kastar lys over spørsmål av betydning for norsk rett. Ein sakkunnig komité skal vurdere søkjarane sine vitskapelege kvalifikasjonar. I vurderinga vil hovudvekta bli lagt på dei innleverte vitskaplege arbeida. Det vil bli lagt vekt på kompetanse i energirett, og særleg privatrettsleg regulering .

Det vil òg bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Søkjaren må ha gode samarbeidseigenskapar og vise evne og motivasjon til å bidra til oppbygginga av eit godt fagmiljø innanfor den etablerte strukturen for forskargrupper ved fakultetet. I søknaden skal søkjaren gjere greie for måla sine for forskingsaktiviteten og moglege bidrag til undervising og forsking i energirett og privatrettslege fag ved fakultetet. Erfaring med eksternfinansiering frå forsking er ei føremon.

Det vil bli lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar, erfaring med undervisning som byggjer på problembasert læring, erfaring frå populærvitskapleg formidling, relevant praksis, fagpolitisk og administrativt arbeid. Det er eit krav at søkjaren har kompetanse til å undervise i obligatoriske emne innafor fakultetet sitt masterstudium i rettsvitskap, og det tel positivt om søkjaren kan undervise på fleire slike emne.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Vi viser elles til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse, kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Normalt vil nærare 50 % av arbeidstida vere sett av til forsking og forskingsrelatert verksemd, og nærare 50 % av arbeidstida til undervisning og undervisningsrelatert verksemd (m.a. rettleiing og eksamen) og resten til administrativ verksemd.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø

  • Løn etter det statlege lønsregulativet (l.pl. 17.510/kode 1011) lønstrinn 75 – 82 (for tida kr 728 100 - 888 200). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna blir det trekt pliktig innskot til Statens pensjonskasse

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Søkjarar må oppgje dei arbeida eller delar av arbeida som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga. Desse bør ikkje vere fleire enn 10.

Søknad og vedlegg skal sendast elektronisk via linken på denne sida «Søk denne stilling» til Universitetet i Bergen.

Dersom søkjaren har vitskaplege arbeid som ikkje kan sendast elektronisk på grunn av format eller storleik, kan dei sendast per post (i alt 3 eksemplar/sortert i 3 like bunkar) saman med ei liste over desse til Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet, Postboks 7806, 5020 Bergen innan søknadsfristen.

Dei vitskaplege arbeida og vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege arbeid på andre språk kan godkjennast etter særskild søknad innan søknadsfristen. Omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må sendast fakultetet innan søknadsfristen.

Innleverte vitskaplege arbeid blir ikkje returnert med mindre søkjaren ber om dette i søknaden.

Søknaden må dessutan innehalde namn og kontaktopplysningar til referanse som kan stadfeste korleis søkjaren fungerer i undervisningssamanheng.

Det vil bli nytta intervju, og det kan bli nytta prøveforelesing i tilsettingsprosessen.

Det blir elles vist til rettleiing for søkjarar på webadresse.

Søk denne stilling

Powered by Labrador CMS