LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i religionsvitskap

Søknadsfrist: 01.10.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i religionsvitskap.

Religionsvitskap ved Universitetet i Bergen er eit sekulært og forskingsintensivt fagmiljø med ekspertise på ei lang rekke religiøse tradisjonar frå ulike delar av verda i fortid og notid. Vi forskar på eit breitt utval tema ved hjelp av forskjellige typar kjeldemateriale, metodar og teoretiske perspektiv. Ved AHKR blir det utøvd religionsvitskapleg forsking, samstundes som instituttet gjev undervising i religionsvitskap for studentar på lågare grad (bachelor), høgare grad (master), lektorprogram (inkludert master) og på doktorgradsnivå (ph.d.). Det er for tida 10 faste vitskaplege stillingar i religionsvitskap ved AHKR.

Kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver

Søkjaren må ha forskingskompetanse innanfor religionsvitskap, tilsvarande norsk doktorgrad.

Søkjaren må ha forskingskompetanse i religion og estetikk og/eller religion og media. Desse felta blir tolka vidt med fokus på religionsvitskaplege perspektiv. Søkjaren må kunne undervise og rettleie i alle programma våre, også i didaktikkemne og praksis for lektorstudentane. Søkjaren må kunne undervise og rettleie om både historiske utviklingar og tilhøve i samtida, om kjønnsperspektiv og ulike former for mangfald, og om religionsvitskaplege metodar og teoriar. Relevante språkkunnskapar for forskingsfelta er eit krav. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli tillagt vekt.

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Søkjarane må kunne undervise og rettleie på alle nivå i faget og medverke til undervisinga i mange emne. Det blir forventa at den som får stillinga i tillegg medverkar til å utvikle undervisingsemne om religion og estetikk og/eller religion og media, og samarbeider med forskarar frå andre fagfelt ved AHKR og Universitetet i Bergen.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 70-74 (kode 1011) i statens regulativ. Dette utgjer ei årsløn på 692.400 – 745.000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Attraktive forskingsmoglegheiter, inkludert 46 prosent forskingstid i stillinga
  • Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert moglegheita til å søkje om opprykk til professor
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

4. Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her)

5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

6. Publikasjonsliste (som vedlegg)

7. Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga

8. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med:

  • Instituttleiar, professor Teemu Ryymin, per e-post Teemu.Ryymin@uib.no eller tlf. 55 58 38 79, 
  • Fagkoordinatorar for religionsvitskap, professor Bjørn Ola Tafjord, per epost Bjorn.Tafjord@uib.no eller tlf. 55 58 22 93, eller 
  • Førsteamanuensis Christian Hervik Bull, per e-post Christian.Bull@uib.no eller tlf. 55 58 31 56.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Rettleiing for utforming av søknad her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS