Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis i allmennmedisin (vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis (20 % stilling) i Fagområde for allmennmedisin (FAM) i inntil eit (1) år frå tilsetjing med moglegheit for forlenging. Arbeidsstad er ved Alrek helseklynge.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Delta i eksisterende undervisning og utvikling av nye undervisningsmodular i allmennmedisin
Delta i utvikling av innovative rettleiingsformer av studentar
Delta i undervisingsgruppa i allmennmedisin
Den som skal tilsetjast vil få tilbod om å høyre til ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha norsk doktorgrad i allmennmedisin eller tilsvarande kompetanse
Søkjar må vere lege med norsk autorisasjon
Det er ein føremon om søkjar er spesialist i allmennmedisin eller i gang med spesialistutdanning i dette faget
Det er ein føremon om søkjar driv klinisk verksemd i allmennmedisin
Dokumentert vilje og evne til samarbeid er naudsynt
eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
løn etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Fagområdeleiar Esperanza Diaz, tlf. 47414104, e-post esperanza.diaz@uib.no eller
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.