Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i medisin (hjartesjukdommar)

Søknadsfrist: 26.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i medisin (20 % bistilling x 2)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig 2 åremålsstillingar som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (hjartesjukdommar) i 2 år frå tilsetjing. Bistillingane er knytt til fast hovudstilling ved Hjarteavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus eller Haraldsplass Diakonale Sjukehus. Arbeidsstad er ved Klinisk institutt 2.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Undervisning, rettleiing, forsking og formidling innan hjartesjukdommar
  • Administrative oppgåver; til dømes komitearbeid i undervisning eller forskarutdanning
  • Undervisningsoppgåver vil primært verte knytta til profesjonsutdanninga i medisin (MED4 og MED11), men undervisning i andre semestre, inkludert generell undervisning på lågare grad, eller på anna studieprogram kan verte aktuelt
  • Den som vert tilsett skal arbeide med hjarteforsking i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking på hjartesjukdom

Undervisingspråket er til vanleg norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk doktorgrad i medisin (relevant fagområde) eller tilsvarande kompetanse, og vere godkjent norsk spesialist i hjartesjukdommar eller vere i siste år av slik spesialisering
  • Det vert lagt vekt på røynsle innan undervisning, formidling, rettleing, leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • Søkjar må beherske norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) som pdf
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagleiar i kardiologi, professor dr. med. Eva Gerdts, tlf. 55973054 / 92086505, e-mail: eva.gerdts@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS