LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i medisin (eldremedisin)

Søknadsfrist: 20.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i medisin (eldremedisin)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i eldremedisin ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS). Det kan verte aktuelt å tilsette i mindre stillingsbrøk, dersom stillinga vert kombinert med annan relevant stilling. Stillinga er plassert i Fagområde for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell samarbeidslæring.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning innan fagfeltet eldremedisin. Den som vert tilsett vil vere knytt til Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS) og vil delta i Undervisingsgruppa for helse og samfunn. Undervisinga vil primært vere retta mot det tverrfaglege mastergradsprogrammet "Helse og samfunn".

SEFAS er eit senter ved IGS med professor Bettina S. Husebø som leiar. 16 tilsette er i dag knytt til dette senteret, som har omfattande aktivitet innan forsking, undervising og implementering av forskingsresultat. Senteret sitt arbeid er i stor grad basert på nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Noverande prioriterte område for framtidig utvikling inkluderer prosjekt som undersøkjer innovativ teknologi, helsedata og kunstig intelligens. Brukarinvolvering i forsking og samarbeid med industripartnarar er høgt prioritert. Vi utviklar og testar nye metodar for å monitorere og predikere symptomutvikling, implementerer målretta intervensjonar som betrar livskvalitet og funksjon hjå eldre personar med multimorbiditet og komplekse omsorgsbehov, retta mot både heimebuande og eldre i sjukeheimar.

Undervisingsgruppa for Masterprogram i helse og samfunn ligg under fagområdet Helsevitskap. Masterprogrammet gjev med sin tverrfaglege og profesjonsovergripande profil inngåande kunnskap innan sentrale helseutfordringar i dagens Noreg. Sentrale område for fordjuping i programmet er 'ulikskap i helse', 'arbeid og helse' og 'aldring og helse'. Den som vert tilsett vil vere med å vidareutvikla dette utdanningsprogrammet.

IGS er lokalisert i eit flott nybygg i Alrek helseklynge på Årstadvollen. Alrek helseklynge arbeider mellom anna med forsking, innovasjon og undervising retta mot kommunane, der tverrprofesjonelt samarbeid er ein viktig føresetnad. IGS har ein ny forskings- og innovasjonsstrategi basert på samarbeidet i Alrek helseklynge.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til masterprogram i helse og samfunn, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande og fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse ev innan to år frå tilsetjing
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege. Det vil vere ein føremon, men ikkje eit krav, med klinisk spesialistkompetanse innan allmennmedisin, geriatri, psykiatri, nevrologi eller annan relevant klinisk kompetanse
  • Søkjar må dokumentere eiga forsking innan relevant fagområde
  • Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt forskingsstrategisk arbeid. Det vil verte lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø og til å skaffe eigne forskingsmidlar
  • Det vert lagt vekt på gode praktisk-pedagogiske evner og kvalifikasjonar
  • Det vert lagt stor vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren

Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 618 600-694 400, eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 643 000 - 694 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Bettina Husebø, e-post: bettina.husebo@uib.no, tlf. 48094660 eller
  • Instituttleiar Guri Rørtveit, e-post: guri.rortveit@uib.no, tlf. 99232769

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS