LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i medisin (arbeids- og miljømedisin)

Søknadsfrist: 22.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i medisin (arbeids- og miljømedisin)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i medisin (arbeids- og miljømedisin). Stillinga er knytt til Fagområde for samfunnsmedisin, arbeids- og miljømedisin og helseleiing (eit av dei sju fagområda ved instituttet). Instituttet har nyleg flytta til lokalar i Alrek helseklynge saman med delar av Det psykologiske fakultet, Uni Research Helse og sentrale fagmiljø frå Høgskulen på Vestlandet og Bergen kommune.

Den som vert tilsett vil og ha høve til å knytte seg til forskingsgruppa i arbeids- og miljømedisin ved instituttet. Denne har fleire prosjekt som tek føre seg både norsk og internasjonalt arbeidsmiljø og samarbeider med institusjonar både nasjonalt og internasjonalt. Gruppa er samlokalisert med Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette er aktiv i forskingsgruppa og regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Den som vert tilsett skal inngå i undervisingsgruppa i samfunnsmedisin, og skal primært ha undervisingsoppgåver innan arbeids- og miljømedisin på medisin- og masterstudium. Satsinga på det nye studieprogrammet i medisin (Vestlandslegen) ved Universitetet i Bergen vil også prege undervisningsarbeidet i gruppa.

Personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Undervisningsspråket er norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller flytande dansk/svensk (ev innan to år etter tilsetjing).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk doktorgrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • søkjar må ha norsk autorisasjon som lege
  • søkjar må ha klinisk erfaring frå det arbeids- og miljømedisinske fagfeltet, og det er ein føremon å ha spesialitet i arbeidsmedisin
  • dokumentert evne til å skape forskingsmiljø og til å skaffe eigne forskingsmidlar vil vere ein styrke
  • søkjar må dokumentere eiga forsking innan arbeids- og miljømedisin, samt ev andre relevante områder. Aktivitet dei seinare åra vil bli vektlagt
  • det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt forskingsstrategisk arbeid
  • det vert lagt vekt på gode praktisk-pedagogiske evner og kvalifikasjonar
  • det vert lagt stor vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. For førsteamanuensis gjeld at den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom krav ikkje er oppfylt før tilsetjing. Utfyllande informasjon finn ein på Eining for læring, Det medisinske fakultet

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 626 100-702 100, eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 650 300 - 702 100. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagområdeleiar Ole Jacob T. Møllerløkken, e-post: ole.mollerlokken@uib.no, eller
  • Instituttleiar Guri Rørtveit, e-post: guri.rortveit@uib.no, tlf. 99232769

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS