LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i marin biologi / biodiversitet

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i marin biologi/biodiversitet

Ved Institutt for biovitenskap (BIO) Universitetet i Bergen (UiB) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan marin biodiversitet knytt til faggruppa Fiskeri- og marinbiologi (FMB).

Om instituttetInstitutt for biovitenskap (BIO) er eit mangfaldig og breitt institutt som er høgst involvert i emnar som opphav til liv, effektar av klima og globale endringar, fiskeri, akvakultur, fiskehelse, ernæring, arktiske område, samt global utvikling og berekraft relatert forsking.

Om lag 2/3 av den vitskapelege staben arbeider med marine problemstillingar. BIO utfører utdanning og forsking frå organisme, populasjon og økosystemnivå innan teoretiske, eksperimentelle, og felt orienterte tema, og tilbyr ein spennande og utoverretta utdanning og forsking innan eit breitt felt, med framifrå moglegheiter for nasjonal og internasjonal interaksjon og samarbeid.

Gjennom samlokalisering og samarbeid med forskingsgrupper, er forskinga ved BIO tett knytt til biologisk forsking ved Universitetsmuseet i Bergen, Norwegian Research Centre AS (NORCE), og Havforskingsinstituttet (HI). BIO er lokalisert i nye og moderne fasilitetar ved Marineholmen, nær by-sentrum i Bergen. BIO har omfattande eksperimentelle fasilitetar ved Marinbiologisk Stasjon på Espegrend, og tilgang til unike habitat ved bruk av forskingsfartøy og tilhøyrande utstyr og instrumentering gjennom nært samarbeid med HI. Bergen representerer ei av verdas største grupperingar av marin forsking, noko som er reflektert i UiB si visjon: «Hav, Liv og Samfunn». BIO har som mål å fortsette å vere eit leiande forskingsinstitutt innan marin biologi, både nasjonalt og internasjonalt.

Utdanninga ved instituttet dekker eit breitt felt av biologiske disipliner som blir gitt gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige master program (Fiskehelse, og Havbruk og sjømat) og lærarutdanning, i tillegg til doktorgradsutdanning. BIO har eit Senter for framifrå utdanning (SFU) bioCEED og derfor eit særskild fokus på utvikling av kvalitet i undervising og læring. BIO har nyleg blitt med i eit interdisiplinært masterprogram-initiativ i berekraft ved UiB.

BIO vart etablert i januar 2018 ved samanslåing av Institutt for biologi, og Molekylærbiologisk institutt. Instituttet er det største av syv ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og har for tida om lag 300 tilsette, derav meir enn 60 professorar og førsteamanuensar, om lag 80 PhD studentar og postdoktor kandidatar og 70 teknisk/administrative tilsette.

Forskingsområde

Den marine biodiversitet i havet og fjordane inneheld nær uavgrensa potensial for både grunnleggjande og anvend forsking. I dei seinare år har nyvinningar i moderne molekylær biologi og «next generation seequencing» (NGS) generert genomiske tilnærmingar som har skapt nye moglegheiter, til dømes phylo-genomics, meta-genomics og eDNA. Desse nye forskingsfelta har gjort det mogleg å belysa den overveldande og i stor grad ukjende biodiversiteten i hava. I kombinasjon med omfattande fasilitetar som forskingsfartøy, fjernstyrde operasjonelle fartøy (ROV), og klassisk prøvetakingsutstyr, har marin biodiversitet blitt eit forskingsfelt for der ein kan gjennomføre sofistikerte og nyskapande studiar.

Med bakgrunn i behovet for moderne forsking i biodiversitet og moglegheitene for å bruke BIO og dei samarbeidande institusjonane si ekstensive marine forskingsinfrastruktur, vil BIO fylle ei stilling som førsteamanuensis i marin biodiversitet.

Vi ser etter ein vitskapsperson innan marin biodiversitet med inngåande kjennskap til minst eit av dei følgande fagfelta:

  • Dyphavsbiologi
  • Marin samfunnsøkologi
  • Faunistikk/biodiversitetsanalyse
  • Populasjonsgenetikk/genomikk
  • Bioinformatikk
  • Fylogenetisk inferens/phylo-genomikk/biosystematikk

Høg kompetanse i fleire av desse fagfelta vil vere ein føremon. Det er også ein føremon om kandidaten kan vise til spesiell kunnskap om eit eller fleire evertebrat fyla.

Arbeidsoppgåver

I tillegg til gjennomføring av forsking og styrking av BIO sitt forskingsmiljø i felta nemnt ovanfor innan marin biodiversitet, vil arbeidsoppgåvene innehalde å koordinere BIO sitt bidrag til det nye masterprogrammet i berekraft ved UiB. Dette interdisiplinære toårige programmet inkluderer lærarar frå vitskapsteori, geografi, jus, psykologi, biologi, klima forsking og energi. Den som vert tilsett vil vere kontaktperson mot andre UiB fakultet som deltek i undervisninga, samt tilhøyrande studentar. Oppgåvene vil og inkludere koordinering og organisering av rettleiing av masteroppgåver til studentar innan «Marin berekraft» spesialiseringa.

Undervisingsoppgåvene inneheld og undervising innan generell marin biologi, som til dømes basal organisme biologi, marin faunistikk, biodiversitet, samfunnsøkologi, samt rettleiing av studentar på både master og ph.d. nivå. Pedagogiske kvalifikasjonar og tidlegare erfaring med undervisning vert vektlagd, og søkjarar bør gi ei kort oppsummering av planar og filosofi relatert til undervisning innan dette feltet. Søkjarar bør vere motivert for å undervise på alle nivå, frå bachelor til ph.d. nivå.

UiB tilbyr tilgang til omfattande eksperimentelle fasilitetar ved marinbiologisk stasjon og tilgang til unike habitat ved bruk av forskingsfartøy og tilhøyrande utstyr og instrumentering. Vi oppmodar søkjarane til å kort nemne korleis dei har tenkt å bruke desse infrastrukturane i deira forsking og undervisning.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi ser etter ein person med evner til samarbeid og lagånd, og som har ambisjonar om å ta ei leiande rolle innan feltet ved instituttet. Den valde søkjaren må oppfylle følgjande kriteria som vert brukt ved rangering av søkjarane.

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan biologi.
  • Søkjarar må ha solid kunnskap innan marin biodiversitet, retta mot minst eit av felta nemnt ovanfor.
  • Søkjarar må kunne dokumentera kunnskap og forskingserfaring med praktisk, eksperimentelle og/eller analytiske metodar innan feltrelatert marin biologi
  • Søkjarar må ha signifikante bidrag i relevante publikasjonar i internasjonale fagfelle-evaluerte vitskapelege tidsskrift
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Då vi er interessert i å tiltrekke oss vitskapeleg stab som er på ein stigande karriære kurs, vil oppnådde resultat dei siste 5 år bli vektlagd i rangeringa av søkjarane, her med unntak av opphald i karrieren grunna foreldrepermisjon, sjukdom eller andre grunnar. Rangering av kandidatane vil til ein viss grad kunne ta omsyn til behovet for å fylle manglar i instituttets kompetanse innan undervising og forsking.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagletilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 68–74 (kode 1011/LR 24, alternativ 10). Dette utgjer ei årsløn på kr. 618 600- 694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • Utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (1-2 sider, sjå ovanfor)
  • Liste over 10 vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • Namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar, professor Ørjan Totland, Institutt for biovitenskap, e-post: orjan.totland @uib.no / tlf. +47 47758058 eller til
  • Leiar av FMB faggruppe professor Arild Folkvord, Institutt for biovitenskap, e-post: arild.folkvord@uib.no / tlf. +47 55584456

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS