LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i kognitiv nevrovitskap

Søknadsfrist: 20.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensisi kognitiv nevrovitskap

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig eifast stilling som førsteamanuensis (100 %) i kognitiv nevrovitskap.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Instituttet har behov for ein vitskapeleg tilsett som skal undervise i kognitiv nevrovitskap ivid forstand, med særleg fokus på funksjonell magnetresonansavbilding (fMRI) og bruk av fMRI i kognitiv og/eller klinisk nevrovitskap. Den vitskapleg tilsette skal ha forskingsaktiviteten sin i hjerneavbildingsteknikkar innan kognitiv nevrovitskap, anvendt nevrovitskap og/eller klinisk nevrovitskap.

Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Undervise i ulike perspektiv innan kognitiv nevrovitskap, fortrinnsvis på profesjonsstudiet i psykologi, masterprogrammet i åtferd og nevrovitskap, masterprogrammet i logopedi, og forskarskolen IGSIN, inkludert undervise i og demonstrere hjerneavbildingsmetodar hos menneske.
  • Emneansvar for emne i kognitiv nevrovitskap.
  • Samarbeide om studiekvalitet og evaluering av studieprogramma som er knytt til kognitiv nevrovitskap.
  • Sensur på instituttet sine undervisningsemne.
  • Det er aktuelt at den som vert tilsett har undervising, eksamensarbeid og rettleiing i tema med nærleik til biologisk psykologi, alt etter behovet ved instituttet
  • Det vert forventa at den tilsette bidreg til forskingsfronten i alle aspekt av funksjonell hjerneavbildingsmetodar hos menneske og bruken i kognitiv og/eller klinisk nevrovitskap gjennom aktiv deltaking i ei av instituttet sine forskingsgrupper.
  • Initiere og ta del i samarbeid om forskingsprosjekt, søknadsskriving og publisering.
  • Ha rettleiing og opplæring av bachelorstudentar, masterstudentar profesjonsstudentar og doktorgradsstudentar i psykologi.
  • Ta del i administrative oppgåver, møter og komitéarbeid på linje med andre tilsette ved instituttet, til dømes koordinering og leiing av arbeidskomitear.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • For å vere kvalifisert til stillinga som førsteamanuensis må søkjarar ha ph.d./doktorgrad innanfor fagområdet psykologi eller tilsvarande fagfelt på søknadstidspunktet.
  • Søkjarar må kunne dokumentere forskingserfaring i bruken av funksjonell resonans avbilding (fMRI) i kognitiv nevrovitskaplege studiar.
  • Forskingserfaring i bruk av forskjellige hjerneavbildingsmetodar er ein føremon.
  • Det vil telle positivt om søkjaren har tatt del i internasjonale nettverk, og har publisert på eit høgt internasjonalt nivå.
  • Vi ser etter ein entusiastisk forskar som ynsker å bygge opp ein karriere innan kognitiv nevrovitskap, og som er interessert i banebrytande nevrovitskaplege metodar
  • Det vil telle positivt om søkjaren har erfaring med å leie og å koordinere forskingsprosjekt og med å etablere forskingsnettverk. Eventuelle gjennomslag på søknader om forskingsmidlar vil òg vere ein føremon.
  • Søkjaren må vise god evne til fagleg formidling og vere innstilt på å legge opp til studentaktive læringsformer i laboratoriet. Erfaring med digital undervising vil vere ein føremon.
  • Søkjaren sitt potensiale for forsking, motivasjon og personlege eigenskapar vil verte vektlagd.
  • Det er ein føremon med særskild erfaring med undervising og emneansvar frå universitetssektoren.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå «Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB». Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Vedkommande må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Det er eit ynske at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk, med eit krav om å beherske dette innan to år etter tilsetting.

Dersom det ikkje melder seg kompetente søkjarar for fast tilsetting, kan det vere aktuelt med midlertidig tilsetting for ein periode på inntil 2 år dersom det er sannsynleg at vedkommande vil oppnå kvalifisering som førsteamanuensis i løpet av denne perioden, jf. universitets- og høgskolelova § 6-5 (1). Ved utløpet av tilsettingsperioden vil kompetansen til den som det gjeld bli vurdert på nytt med tanke på fast tilsetting.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 67 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 615 800- 702 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn på to referansar med kontaktinformasjon
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS