LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i klinisk psykologi

Søknadsfrist: 09.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet har ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i klinisk psykologi.

Instituttet har ansvar for forsking og undervising innanfor kjerneområda i klinisk psykologi. Desse er grunnlaget når psykologar utøver yrket sitt i helsevesenet, innanfor både spesialisthelseteneste, førstelinje og lågterskeltilbod. Instituttet si forsking og kompetanse omfattar utgreiing og behandling av eit breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda i evidensbasert psykologisk behandling. Vidare har instituttet kompetanse om korleis ein kan gje slik behandling til alle aldersgrupper og innanfor ei breidde av sosiokulturelle kontekstar.

Ved Institutt for klinisk psykologi er det bl.a. ein opplæringsklinikk som gjev studentane i profesjonsstudiet i psykologi opplæring i grunnleggande kliniske ferdigheiter som psykolog. Behandling utføres av psykologistudenter under veiledning av psykologspesialist. Mer informasjon om opplæringsklinikken finner du her

Institutt for klinisk psykolog har to forskingsgrupper og de fleste av våre tilsette er knytt til ein av desse gruppene.

Mer informasjonom forskningsgruppene finner du her:

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillingen er knytt til undervising og forsking/fagutvikling ved Institutt for klinisk psykologi, og konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • emneansvar og undervising i klinisk emner ved profesjonsstudiet i psykologi både generelt og på spesifikke temaområde
  • rettleiing av studentar innanfor intern-klinisk opplæring og deltaking i klinikkmøter og kasuspresentasjoner
  • oppgåverettleiing og sensur på instituttets undervisningsemne
  • utvikling av nye søknadar om ekstern finansiering frå Noregs forskingsråd, EU og andre moglege finansieringskjelder
  • rettleiing av PhD-kandidatar
  • seksjonsleiing ved opplæringsklinikken kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha doktorgrad i psykologi på søknadstidspunktet
  • søkjar må ha autorisasjon som psykolog i Norge eller fylle krava til slik autorisasjon på søknadstidspunktet
  • søkjar må ha en godkjent spesialitet innenfor klinisk psykologi eller ha tilsvarande praksiserfaring og kompetanse på søknadstidspunktet
  • det er ønskelig med erfaring fra prosjektledelse og forskningsveiledning
  • det er ønskelig med erfaring fra undervisning og studentveiledning
  • han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • han eller ho må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og må samarbeide godt med både kollegaer og studentar
  • han eller ho må ha evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • stillinga er knytt opp mot den til ein kvar tid gjeldande studieplan
  • den som vert tilsett i stillinga må òg knytte seg til ei av forskingsgruppene ved fakultetet

Kompetansekrav for tilsetting i stilling som førsteamanuensis går fram av forskrift om tilsetting og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar § 1-4. Forskriften kan du lese her

  • Det er krav om grunnleggande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå, konkretisert ved at følgjande skal dokumenterast på bakgrunn av eiga undervising/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning:
    • grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing
    • evne til å reflektere over eiga rolle, og diskutere og grunngje eigne val i planlegging, gjennomføring og utvikling av undervisning og rettleiing
  • Døme på dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse:
    • Gjennomførte kurs i universitetspedagogisk basiskompetanse eller tilsvarande
    • Planlegging og gjennomføring av undervising med utgangspunkt i emnet sine skildringar av læringsutbyte
    • Forskingsrettleiing på ulike nivå
    • Utprøving av ulike former for vurdering, læring og undervising, inkludert digitale, for å auke læringsutbytet til studentane
    • Evne til å grunngje eige lærings- og kunnskapssyn og reflektere kring eiga lærarrolle
    • Innhenting og bruk av tilbakemeldingar frå studentar, kollegaer og samfunnet for å utvikle undervisings- og læringsprosessar
    • Evne til å analysere, utarbeide og vidareutvikle emneskildring og studieprogram

Meir om dette finn du her. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Førsteamanuensis får løn etter lønstrinn 68-74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 626 100-702 100 Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn på to referansar med kontaktinformasjon
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her eller i liste ovanfor.
  • Liste over vitskaplege arbeid du vil at det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid du vil at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt ti)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør førre kulepunkt.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjon og dei vedlegg som er lagt inn i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS