LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i klinisk psykologi (mellombels, vikar)

Søknadsfrist: 03.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet har ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis (100 %) i klinisk psykologi. Stillinga er ledig for ein periode på to år.

Instituttet har ansvar for forsking og undervising innanfor kjerneområda i klinisk psykologi. Desse er grunnlaget når psykologar utøver yrket sitt i helsevesenet, innanfor både spesialisthelseteneste, førstelinje og lågterskeltilbod. Instituttet si forsking og kompetanse omfattar utgreiing og behandling av eit breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda i evidensbasert, psykologisk behandling. Vidare har instituttet kompetanse om korleis ein kan gje slik behandling til alle aldersgrupper og innanfor ei breidde av sosiokulturelle kontekstar.

Ved Institutt for klinisk psykologi er det ein opplæringsklinikk som gjev studentane i profesjonsstudiet i psykologi opplæring i grunnleggande kliniske ferdigheiter som psykolog. Behandling utføres av psykologistudenter under veiledning av psykologspesialist, og er gratis. Klinikkane samarbeider med Helse Bergen om tilvising av pasientar og rettleiingsressursar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillingen er knytt til undervising og forsking/fagutvikling ved Institutt for klinisk psykologi, og konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • emneansvar og undervising i klinisk psykologi generelt
  • rettleiing av studentar innanfor intern-klinisk opplæring og deltaking i klinikkmøter og kasuspresentasjonar
  • oppgåverettleiing og sensur på instituttet sine undervisningsemne
  • å bidra til utvikling av nye søknadar om ekstern finansiering frå Noregs forskingsråd, EU og andre moglege finansieringskjelder

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha doktorgrad i psykologi på søknadstidspunktet
  • søkjar må ha autorisasjon som psykolog i Norge eller fylle krava til slik autorisasjon på søknadstidspunktet
  • søkjar må ha minimum 4 års praksis fra klinisk psykologisk arbeid
  • det er ønskelig at søkjar er ferdig utdanna psykologspesialist eller har tilsvarande praksiserfaring og kompetanse på søknadstidspunktet.
  • det er ønskelig med erfaring fra prosjektledelse og forskningsveiledning
  • det er ønskelig med ledererfaring, gjerne fra klinisk praksis
  • han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • han eller ho må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og må samarbeide godt med både kollegaer og studentar
  • han eller ho må ha evne til å skape eit godt læringsmiljø stillinga er knytt opp mot den til ein kvar tid gjeldande studieplan den som vert tilsett i stillinga må òg knytte seg til ei av forskingsgruppene ved fakultetet

Kompetansekrav for tilsetting i stilling som førsteamanuensis går fram av forskrift om tilsetting og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar § 1-4. Forskriften kan du lese her

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 67 - 72 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 605 500 - 667 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør førre kulepunkt. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjon og dei vedlegg som er lagt inn i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS