LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i fiskehelse

Søknadsfrist: 12.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i fiskehelse

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i fiskehelse.

Om instituttet

BIO har forskings- og utdanningsaktivitet på tvers av dei biologiske vitskapane, frå molekyl til økosystem, ved bruk av teoretiske, eksperimentelle og observasjonelle metodar og dessutan modelleringsmetodar. Vi utforskar opphavet til livet, vurderer og føreseier effekten av klima- og økosystemendringar og utviklar kunnskapsgrunnlaget for akvakultur og fiskeri og for terrestrisk og marin naturforvaltning. Saman bidreg vi med nøkkelkunnskap og kompetanse til samfunnet sin veg mot å oppfylle FN sine bærekraftmål. BIO er tett integrert med andre biologiske forskingsmiljø i Bergen og held til i moderne fasilitetar på Marineholmen, nær Bergen sentrum.

BIO er det største av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og har om lag 280 tilsette, inkludert 65 professorar og førsteamanuensar, 52 ph.d.-kandidatar og 70 teknisk og administrativt tilsette. Instituttet har om lag 750 studentar. Studietilbodet ved instituttet famnar eit bredt spekter av økologiske, evolusjonære, biologiske og molekylære biologiske fagområde og blir tilbydt gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige masterprogram og dessutan vår forskarutdanning.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde/undervising

I samband med vidareføring av lakselussenteret (Sea Lice Research Centre (SLRC)) ved UiB er det ledig ei stilling som førsteamanuensis ved Institutt for biovitenskap. SLRC vart starta som ein SFI oppnevna av Forskningsrådet og hadde fokus på forsking for å utvikle nye metodar for lakseluskontroll i tillegg til å flytte forskingsfronten for lakselusbiologi. Gjennom dei 8 åra som SFI har SLRC blitt det leiande forskingsmiljøet på lakselus i verda. I vidareføring av senteret ynskjer ein særleg å fokusere på forsking som er relevant for å utvikle biologisk førebygging (vaksineutvikling, genetisk styrking av laksen) mot lakselus. Forskingsaktiviteten til stillinga skal difor styrke og komplimentere forskingsmiljøet på lakselus og vera ein aktiv del av senteret.

Undervisninga ved BIO er organisert i 6 faggrupper. Undervisningsplikt for stillinga vil bli lagt til kurs ved BIO som er relevant for bakgrunnen til den som får stillinga, og fortrinnsvis inn mot profesjonsstudiet i Fiskehelse.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan biologi, molekylærbiologi eller anna relevant fagfelt eller tilsvarande utanlandsk grad
  • Søkjarar med forskingserfaring på eit internasjonalt nivå, innan eit eller fleire av følgjande tema, vil ha ein føremon: Parasittologi, lakselus, laksebiologi, molekylærbiologi, funksjonell genomforskning, geneditering, vaksineutvikling og/eller bioinformatikk
  • Erfaring frå forsking på lakselus og/eller laksefisk vil gi eit fortrinn
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Det blir og lagt vekt på evne til å leie forskingsprosjekt, koordinere forskingsaktivitet og drive forskingsstrategisk arbeid, samt etablere forskingsnettverk
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og dokumentert vilje og evne til samarbeid vil bli vektlagt
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå undervisning og undervisningsutvikling på universitetsnivå vil bli lagt vekt på
  • Ein fagleg bakgrunn som dekkjer instituttet sitt undervisningsbehov vil være ein føremon

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 597 000 – 694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • Utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • Liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • Namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Ørjan Totland, Institutt for biovitenskap, e-post: orjan.totland@uib.no eller til
  • Professor Frank Nilsen, frank.nilsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS