LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i fiskehelse - immunologi

Søknadsfrist: 01.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i fiskehelse, immunologi

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i fiskehelse, immunologi.

Om instituttet

Institutt for biovitskap (BIO) er eit mangfaldig og breitt institutt som er høgst involvert i emnar som opphav til liv, effektar av klima og globale endringar, fiskeri, akvakultur, fiskehelse, ernæring, arktiske område, samt global utvikling og berekraft relatert forsking.

Om lag 2/3 av den vitskapelege staben arbeider med marine problemstillingar. BIO gjer utdanning og forsking frå organisme, populasjon og økosystemnivå innan teoretiske, eksperimentelle, og felt orienterte tema, og tilbyr ein spennande og utoverretta utdanning og forsking innan eit breitt felt, med framifrå moglegheiter for nasjonal og internasjonal interaksjon og samarbeid.

Gjennom samlokalisering og samarbeid med forskingsgrupper, er forskinga ved BIO tett knytt til biologisk forsking ved Universitetsmuseet i Bergen, Norwegian Research Centre AS (NORCE), og Havforskingsinstituttet (HI). BIO er lokalisert i nye og moderne fasilitetar ved Marineholmen, nær by-sentrum i Bergen. Bergen representerer ei av verdas største grupperingar av marin forsking, noko som er reflektert i UiB si visjon: «Hav, Liv og Samfunn».

Utdanninga ved instituttet dekker eit breitt felt av biologiske disipliner som blir gitt gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige masterprogram (Fiskehelse, og Havbruk og sjømat) og lærarutdanning, i tillegg til doktorgradsutdanning. BIO har eit Senter for framifrå utdanning (SFU) bioCEED og derfor eit særskild fokus på utvikling av kvalitet i undervising og læring. BIO har nyleg blitt med i eit interdisiplinært masterprogram-initiativ i berekraft ved UiB.

BIO vart etablert i januar 2018 ved samanslåing av Institutt for biologi, og Molekylærbiologisk institutt. Instituttet er det største av syv ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og har for tida om lag 300 tilsette, derav meir enn 60 professorar og førsteamanuensar, om lag 90 ph.d.-studentar og postdoktorkandidatar og 70 teknisk/administrative tilsette.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde/undervisning

Fiskehelse er eit sentralt og sterkt veksande fagfelt ved Universitetet i Bergen (UiB). Det er ei målsetting å vere i forskingsfronten nasjonalt og internasjonalt, og vere eit leiande fagmiljø innan fiskehelseutdanning som ved BIO omfattar både 5-årig profesjonsstudium og ph.d-.-utdanning.

Fiskehelsemiljøa ved BIO har ein viktig nasjonal rolle i forsking og utdanning innan fiskehelse og fokuserer på å fremme god fiskevelferd i norsk akvakultur. Forskinga er viktig for ulike sektorar innan akvakulturnæringa, produksjon av oppdrettsfisk og dermed og for ville fiskebestandar. Forskinga innan fiskeimmunologi siktar mot å klargjere grunnleggjande eigenskapar hjå verten og interaksjonar med patogener. Dette omfattar infeksjonssjukdomar og verten sine forsvarsmekanismar. Det er særleg fokus på forsking som bidreg til førebyggande tiltak som vaksinasjon og andre infeksjonsførebyggande tiltak for ulike oppdrettsarter, og for artene sine tidlege utviklingsstadium. Forskinga skal fremje nysgjerrigheitsdriven vitskap i fagområdet og spenner frå rein grunnforsking til anvendte problemstillingar.

Undervisninga ved BIO er organisert i 7 faggrupper inkludert faggruppa Fiskehelse. Fiskehelsemiljøet omfattar tre forskingsgrupper: Fiskeimmunologi, Fiskesjukdomar og Lakselussenteret. Forskinga i fiskehelse er både eksperimentell og knytt til feltarbeid. Dei mest sentrale fagfelta er immunologi, parasittologi, bakteriologi og virologi, kor til dømes metodar i mikrobiologi, molekylærbiologi, cellebiologi, anatomi/histologi/cytologi, bioinformatikk og evolusjonsbiologi. Forskingsgruppene har moderne og godt utstyrte forskingslaboratorier, inkludert spesialiserte fasilitetar til fiskeforsøk.

Undervising i profesjonsstudiet i fiskehelse er lagt til stillinga og den som blir tilsett skal ha ansvar for kurset BIO273 Fiskeimmunologi og rettleie master- og ph.d.-studentar. Vedkommande skal og kunne undervise (på norsk) i etter- og vidareutdanningskurs innan fiskehelse og særskilt i innan etikk, lovverk, fiskevelferd, og fiskeforsøk, inkludert vaksinasjon.

Den som blir tilsett skal undervise i fiskehelse, med hovudvekt på fiskeimmunologi og praktisk fiskehelsearbeid som er knytt til fagområde.

Profesjonsstudiet i fiskehelse gjev grunnlag for autorisasjon og rett til tittelen fiskehelsebiolog. BIO tek årleg opp 28 studentar til fiskehelsestudiet.

I samsvar med universitetet sine generelle reglar, skal den tilsette ta del i instituttet sine utdanningsprogram gjennom, mellom anna undervisning og tilhøyrande eksamensarbeid. Såleis må den som blir tilsett, vere i stand til og villig til å spele ei aktiv rolle i undervisning og rettleiing på master- og doktorgradsnivå. Vi forventar evne til å kunne undervise i fiskeimmunologi i og generell fiskehelse i grunnleggjande relevante biologiske fag på profesjonsstudiet, med særskilt vekt på å vidareutvikle undervisinga. I tillegg kjem undervising innan etter- og vidareutdanning.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarane må ha norsk doktorgrad i biologi innan fiskehelse eller anna relevant fagfelt, eller tilsvarande utanlandsk grad.
  • Søkjarar må ha forskingserfaring innan fiskeimmunologi, infeksjonssjukdommar og gode kunnskapar om fiskehelse generelt på eit internasjonalt nivå.
  • Søker må inneha lisens for føreskriving av legemidlar til fisk og ha godkjenning (FELASA C) for å utføre forsøk med dyr.
  • Søkjar må dokumentere erfaring med fiskeforsøk og kunnskapar innan etikk og kjenne norske lovverk og forvaltning knytt til fiskehelse.
  • Erfaring med vaksiner til fisk samt andre førebyggande tiltak og samarbeid med relevante aktørar innan næring vil bli lagt vekt på.
  • Søkjar må vise evne og motivasjon til å skaffe eksterne forskingsmidlar.
  • Det blir lagt vekt på evne til å leie forskingsprosjekt, koordinere forskingsaktivitet og drive forskingsstrategisk arbeid, samt etablere forskingsnettverk og ha gode evner til samarbeid med ulike næringsaktørar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og dokumentert vilje og evne til samarbeid, vil bli lagt vekt på.
  • Erfaring frå undervisning og undervisningsutvikling på universitetsnivå og innan etterutdanning vil bli lagt vekt på.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege norsk og engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

Dette inneber dokumentasjon av:

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 68-74 (kode 1011/LR 24, alternativ 10). Dette utgjer ei årsløn på kr. 626 100- 702 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål, attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring
  • vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknader sendt til einskilde personar per epost, vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar professor Ørjan Totland (telefon: +47 55584403 / e-post: orjan.totland@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS