LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i barnevern eller psykologi

Søknadsfrist: 28.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for helse, miljø og likeverd ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i barnevern eller førsteamanuensis i psykologi.

Institutt for helse, miljø og likeverd er eit tverrfagleg institutt som driver forsking og masterprogram på fagfelta barnevern, helsefremmande arbeid, og global utvikling. Instituttet er en del av Alrek Helseklynge ved Universitetet i Bergen (LINK)

Nye nasjonale retningslinjer for masterprogrammet i barnevern blir vedteke i 2021 Disse nye retningslinjene vil få stor innverknad på utviklinga av masterprogrammet ved Det psykologiske fakultet, som blir tilbydd frå hausten 2022. Den som vert tilsett i stillinga vil vere ein viktig fagperson i arbeidet med vidareutviklinga av masterprogrammet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Den som vert tilsett vil ha sin arbeidsplass ved Institutt for helse, miljø og likeverd.
  • Personen skal forske, publisere og bidra i arbeid med å utarbeide nye forskingsprosjekt, og i søknader om eksterne forskingsmidlar innanfor felt med med relevans for utsette barn, unge og deira familiar.
  • Den tilsette skal undervise, ta emneansvar og rettleie på barnevernsfeltet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha:

  • avlagt doktorgrad eller dokumentasjon på innlevert avhandling innan eit relevant fagfelt
  • forskingserfaring innan tema utsette barn, unge og deira familiar
  • søkjar må ha kompetanse i å rettleia masteroppgåver der det tas i bruk ulike metodiske tilnærmingsmåtar
  • fagleg engasjement og interesse for å auke kompetansen innan barnevernsfeltet
  • må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert med undervisning og forsking
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • kunne undervise på norsk eller eit skandinavisk språk frå tilsetjing
  • gode formidlingsevner på engelsk munnleg og skriftleg
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Kompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis fremgår av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger §1-4

Søkjar bør ha:

  • Kompetanse innan eitt eller fleire av følgande områder: Forsking på kvalitetsforbetring, tiltaksevaluering, epidemiologiske tilnærmingar og systematiske kunnskapsoppsummeringar.
  • Erfaring frå tverrfaglege forskingsprosjekt
  • Klinisk/praksis-erfaring frå barnevernfeltet/-tenester med relevans for utsette barn, unge og deira familiar
  • Publikasjonar frå dei siste 5 år vil bli særskild vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 575 600 - 694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål, og eventuelt ein bekreftelse på at doktoravhandling er levert
  • Attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Dei vitskaplege arbeida søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10)

Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Aktuelle kandidatar kan pårekna at det vil bli heldt intervju og prøveforelesing i tilsettingsprosessen

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS