LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap

Søknadsfrist: 01.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap, med oppstart 1. januar 2022.

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 30 ph.d.-stipendiatar og 10 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Det er i dag sju faste stillingar i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, og dessutan to ph.d.-stipendiatar og éin postdoktorforskar. For tida er dei følgjande forskargruppene i allmenn litteraturvitskap aktive: “Forskargruppa 1700”, “Historie, retorikk og resepsjon”, “Radikal filosofi og litteratur”, og “Rett, retorikk og litteratur”. Fagområdets tilsette er for øvrig aktive innanfor dei følgjande forskingsområda: romantikken, modernisme i teori og litterær praksis, kritisk teori, psykoanalyse og litteratur, humanistiske rettsstudium: strafferettens narratologi, kjønnsstudium, verdslitteratur, songlyrikk, resepsjonsstudium, teksthandlingsstudium i moderne dramatikk, fiksjonsprosa og film, romanens historie, og norsk litteraturhistorie.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Det blir kravd at den som får stillinga kan undervise og rettleie innanfor allmenn litteraturvitskap og utvikla undervisningsopplegg i faget.

Den som vert tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og innanfor alle program der allmenn litteraturvitskap inngår: bachelor- og masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap, bachelorprogrammet i kjønnsstudier og retorikkprogrammet. På grunnivået må han eller ho vere budd på å undervise i heile den breidda som disiplinen spenner om. På høgare nivå vil det i større utstrekning vere rom for at den tilsette underviser mest på felt der han eller ho har særleg kompetanse. Det kan òg vere aktuelt med undervisning og rettleiing innan nærskylde fagområde.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Det er eit krav at alle dei tilsette, utan omsyn til vitskapleg spesialisering, syner ansvar for heilskapen i det faglege miljøet og gjer sitt til at undervisningstilbodet kan haldast oppe og utviklast.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

For å vere kvalifisert til stillinga må søkjarane ha doktorgrad i allmenn litteraturvitskap eller tilsvarande kompetanse på eit anna relevant fagområde. Det er påkravd med breidde i forskinga og spesialkompetanse på eit forskingsmessig særområde.

Søkjarane må ha publisert forskingsarbeid ut over doktoravhandlinga, og utgivingar gjennom høgt vurderte internasjonale publiseringskanalar vil bli gitt forrang. Det vil òg vere ein fordel at søkjarane har tatt del i internasjonale forskingssamarbeid, og har hatt leiarrolle i større forskingsprosjekt. Forskingsformidling ut over den akademiske fellesskapen vil òg bli vektlagt. I vurderinga av søkjarane vil det bli lagt særleg vekt på forskingsarbeid som er publiserte i løpet av dei siste fem åra.

Søkjarar som har forska på tvers av språkgrenser, litterære epokar og litterære sjangrar vil bli føretrekte. Søkjarane må òg dokumentere ein solid kjennskap til litteraturteori.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 64 i Statens regulativ ved tilsetjing (kode 1011 / lønsramme 24, alternativ 8), for tida kr. 572 700,- før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida.

Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar
  • Oversikt over undervisningserfaring, administrativ erfaring og eigne forskingsplanar
  • Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid (arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar). I tillegg kan det sendast inntil 5 populærvitskapelege og praksisretta arbeid t.d. læremiddel.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

  • Instituttleiar Anders Fagerjord, tlf. 55 58 36 53, e-post: anders.fagerjord@uib.no eller
  • Erik Bjerck Hagen, tlf. 55 58 89 95, e-post: erik.hagen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Rettleiing for utforming av søknad her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS