LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (nevro-epidemiologi og brukarmedverknad)

Søknadsfrist: 07.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (nevro-epidemiologi og brukarmedverknad)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (nevro-epidemiologi og brukarmedverknad) for ein periode på fire (4) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til relevant fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Nevroklinikken, Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Stillinga er knytt til Forskingssenter for klinisk behandling (FKB), Neuro-SysMed, finansiert av Norges forskingsråd. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet og forskingssenteret.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og også ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Undervisningsplikta i stillinga er ved Klinisk institutt 1, hovudsakleg knytt til Neuro-SysMed.

Den som vert tilsett skal:

  • ha ansvar for forskerskolen ved Neuro-SysMed, i samarbeid med senterets leiing og delvis i samarbeid med leiinga for forskerskolen ved Senter for fremragande forsking, CCBIO.
  • bidra til rekruttering av emneansvarlege for forskerskolen kursfortefølje
  • bidra til rekruttering av kurskoordinatorer for forskerskolen kursportefølje
  • organisere kurs i nevroepidemiologi og registerforsking i forskerskolen
  • organisere seminarseriar og symposium som inngår i forskerskolen ved Neuro-SysMed
  • hjelpe til i senterets arbeid knytt til brukarmedverknad

Personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og også aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har norsk ph.d.-grad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Det er eit ønskje at søkjar publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og er vel integrert i ei eksisterande forskingsgruppe knytt til Neuro-SysMed. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga. Det er eit ønskje at søkjar har erfaring med organisering av fagmøte og seminar knytt til fagfeltet og deltatt i tverrfagleg samarbeid, inkludert brukarmedverknad. Det er ein føremon at søkjar erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, og evne til å etablere nasjonale- og internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Erfaring frå prosjektleiing og administrasjon, og også personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved Universitetet i Bergen. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei 10 vitskapelege arbeida frå punktet over i PDF-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Instituttleiar professor Kjell-Morten Myhr, e-post: Kjell-Morten.Myhr@uib.no, Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS