Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (lungemedisin)
Søknadsfrist: 22.11.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (lungemedisin)
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (lungemedisin) i to (2) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (100 %) ved Lungeavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved Klinisk Institutt 2.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
den som skal tilsetjast skal arbeide med lungemedisinsk forsking i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking på lungemedisinske problemstillingar
undervisning i lungemedisin for medisinstudentar ved fakultetet
det kan også vere aktuelt med undervisning av studentar i relaterte fag og lågare grad
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha norsk doktorgrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse, og vere godkjent spesialist i lungemedisin
det vert lagt vekt på erfaring innan undervisning av medisinstudentar
det vert lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, erfaring frå forskingsstrategisk arbeid, og vidare dokumentert vilje og evne til samarbeid
utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men det er ein føremon med god språkferdighet i engelsk også.
Vi tilbyr:
eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
løn etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 597 000-694 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 618 600 - 694 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) som PDF
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:
Professor Silke Appel, e-post: Silke.Appel@uib.no, tlf.: 55 97 46 33 eller
Professor Tomas Eagan, e-post: Tomas.Eagan@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslas om dette.