LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i farmasi (galenisk farmasi)

Søknadsfrist: 20.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i farmasi (galenisk farmasi)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i farmasi (galenisk farmasi) i tre (3) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling (minimum 50 %) ved anna institusjon i Bergens-regionen. Arbeidsstad er ved Klinisk institutt 2.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå undervisning og forsking. Ved Klinisk institutt 2 er undervisninga organisert i undervisningsgrupper som dekkjer ein stor del av sjukehusmedisinen og farmasi. Personen vi søkjer har interesse for og undervisningserfaring innafor galenisk farmasi, både praktisk og teoretisk. Klinisk institutt 2 har 21 forskingsgrupper og fleire store sentra og kjerneplattformar som forskar på ei rekke sjukdomar innan eksperimentell og klinisk medisin og farmasi. Personen er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet . Personen skal vere knytt til ei av forskingsgruppene ved instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og også ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til undervisning av farmasistudentar i galenisk farmasi, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og vidare aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

  • Delta i administrative verv, slik som undervisningsgruppeleiar (UGLE) for fagområdet farmasøytiske ferdigheitsfag, ein konstellasjon som omfattar klinisk og galenisk farmasi ved instituttet
  • Delta i planlegging av undervisningsaktiviteter, og i samråd med administrasjonen delta i timeplanlegging i galenisk farmasi
  • Vere aktiv i evaluering og vidareutvikling av laboratoriekurset i galenisk farmasi, med særskild ansvar for delen som handlar om framstilling av faste, doserte administrasjonsformer (tablett- og kapselproduksjon)
  • Arbeide med galenisk farmasi i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i farmasi eller medisin, eller tilsvarande kompetanse, har mastergrad i farmasi eller tilsvarande kompetanse og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse.
  • Arbeidserfaring innan galenisk farmasi er naudsynt
  • Søkjar må ha erfaring med praktisk undervisning i legemiddelformulering/legemiddelteknologi. Erfaring med framstilling av faste doserte administrasjonsformer (tablett- og kapselproduksjon) er ein føremon
  • Det vert lagt vekt på tidlegare relevant erfaring innan undervisning i farmasi og ønskje om å bidra til å utvikle farmasiutdanninga ved Universitetet i Bergen
  • Det vil verte lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt, og evne til å vidareutvikle galenisk farmasi som undervisnings- og forskingsfelt ved Universitetet i Bergen
  • Det vil verte lagt vekt på at søkjar har ein plan for å søkje eigne forskingsmidlar
  • Dokumentert vilje og evne til samarbeid vil vektleggjast tungt
  • Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved Universitetet i Bergen. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 618 600-694 400, eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 643 000 - 694 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV
  • vitnemål og attestar
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS