LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis (100 %) i kunsthistorie og kunstteori ved Kunstakademiet

Søknadsfrist: 01.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis (100%) i kunsthistorie og kunstteori ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst

Ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst er det ledig ei stilling som førsteamanuensis (100%) i kunsthistorie og kunstteori.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein førsteamanuensis med bakgrunn frå kunsthistorie, kuratering eller andre relevante fag. Potensielle søkjarar må kunne utvikle undervisningsopplegg og undervise innafor eit bredt spekter av kunsthistoriske tema så vel som introduksjonar og førelesingar om teoretiske perspektiv knytt til kunstfeltet. Det er ynskjeleg at søkjar har brei kunnskap om samtidskunst sett i relasjon til filosofi, politikk og historie.

Førsteamanuensis skal, i nært samarbeid med kollegaer innafor fokusområdet «Refleksjon», utvikle teorikurs for BA- og MA-programma i kunst. Undervisningsformatet er i hovudsak førelesingar, supplert med seminar og lesegrupper.

Stillinga krev eit kritisk engasjement i studentane sin kunstnarlege utvikling og i instituttet sine forskingsmiljø. Stillinga omfattar 46% forskingstid, og potensielle søkjarar må ha interesse for å delta i og utvikle forskingsaktivitetane på Kunstakademiet.

Førsteamanuensis må også ha faglege nettverk lokalt og internasjonalt. Erfaring med tekstarbeid/ redigering og med ph.d.-rettleiing vert vektlagd.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing innafor kunsthistorie og kunstteori
  • Ansvar for utvikling av program, læringsressursar og undervisningsopplegg
  • Forsking innan fagområdet, prosjektutvikling/-leiing inkludert
  • Rekruttering av ph.d.-, MA- og BA-studentar
  • Formidling
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha doktorgrad i kunsthistorie/kunstteori eller anna relevant fagfelt, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapeleg arbeid av same omfang og kvalitet. Det er ein føresetnad at avhandlinga er godkjent før tilsetjing som førsteamanuensis kan skje.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Erfaring med undervisning på universitetsnivå
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar

Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 593 500 - 689 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular
  • Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her)
  • Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd
  • Publikasjonsliste (som vedlegg). Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga.
  • Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Johan Sandborg, johan.sandborg@uib.no, tlf. nr. +47 55 58 74 31, mobilnummer +47 918 22 598

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS