LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis - Det samfunnsvitskaplege fakultetet

Søknadsfrist: 06.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som førsteamanuensis innan administrasjon og organisasjonsvitskap ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Instituttet har ein profil som eit statsvitskapleg fag basert på ei organisasjonsfagleg tilnærming til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar. Forskingsaktiviteten ved instituttet er organisert i forskargrupper. Søkjarar til stillingane blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå her.

Vi søkjer dedikerte forskarar, rettleiarar og undervisarar med gode samarbeidsevner som kan styrke forskinga og undervisningsprogramma ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap.

Vi vil leggje vekt på at dei som blir tilsette er personleg eigna for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i statsvitskap eller tilsvarande, med relevans for instituttet sin faglege profil.
  • Søkjarar må ha vist evne til systematisk publisering av forskingsresultat utover doktorgrad på høgt internasjonalt nivå. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • God dokumentert progresjon i forsking og publisering og klare planar for framtidig forsking og publisering er ønskjeleg.
  • Erfaring med å utvikle, administrere og drive større eksternt finansierte forskingsprosjekt er ønskjeleg.
  • Solid erfaring med samfunnsvitskapleg metode er ønskjeleg.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Instituttet har og eitinternasjonalt MPA-program der undervisningsspråket er engelsk.

Utdanningsfagleg kompetanseTil stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje) . Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing.

Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigenundervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 68-75 (kode 1011/LR 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 618 600 – 708 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som syner motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar
  • Undervisingsportefølje. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisingsmateriell, evalueringsrapportar og mottekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.Søknadsfrist: 6. april 2021. Søknaden skal merkast: 21/1652

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Jacob Aars, Jacob.Aars@uib.no

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: Even.Endresen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS