Ledig stilling på Universitetet i Stavanger

Fyrsteamanuensis i nordisk språkvitskap

Søknadsfrist: 10.11.2020

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 12.000 studentar og 1.800 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga i regionen og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon. Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordra det velkjende og utforska det ukjende.


Institutt for kultur- og språkvitskap, som er ein del av Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, har ansvar for universitetets nye lektorutdanning for trinn 8-13 og praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet tilbyr òg utdanningar innanfor nordisk, engelsk, religion, historie, norsk for internasjonale studentar i tillegg til mastergradsutdanningar i historie og historiedidaktikk, nordisk og lesevitskap og Literacy Studies. I samarbeid med andre einingar ved fakultetet blir det gitt tilbod om doktorgradsutdanning i lesevitskap/Literacy Studies. Det er i dag 60 tilsette og 1100 studentar ved instituttet.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger søkjer etter fyrsteamanuensis i nordisk språkvitskap til Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Institutt for kultur- og språkvitskap. Stillinga er ledig frå 1.8.2021.

Fagområdet for stillinga er nordisk språkvitskap.

Som fyrsteamanuensis vil du hovudsakleg undervisa og rettleia studentar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå innanfor fagområdet, forska og formidla forskingsresultat innanfor relevante forskingsområde ved instituttet. Den som vert tilsett, skal òg bidra til utvikling av samarbeid med arbeidslivet og internasjonaliseringarbeidet ved instituttet.

Forskinga ved fakultetet er organisert i programområde for forsking og i mindre forskargrupper. Me forventar at ein fyrsteamanuensis tek aktivt del i programområde eller forskargrupper og at ein er med på å søkja om eksterne midlar til forsking.

Utvikling av varierte og digitale læringsmåtar i undervisninga, verdiskaping basert på resultat frå forsking og fagleg utviklingsarbeid, inngår i stillinga.

Stillingsomtala gjer nærare greie for fag- og ansvarsområde, arbeidsoppgåver, kvalifikasjonskrav og andre tilhøve som vil verta vektlagde ved tilsetjing.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer etter ein kandidat med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor nordisk språkvitskap eller anna relevant fagområde.

Den som vert tilsett, må òg kunna dokumentera pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning, eller ta imot tilbod om universitetspedagogisk kurs i laupet av ein periode på to år frå ein byrjar i stillinga. Søknaden bør innehalda ein refleksjon over eigen undervisningskompetanse.

Undervisningsspråket vil normalt vera norsk. Den som vert tilsett, må meistra norsk eller eit anna skandinavisk språk skriftleg og munnleg. Meir spesifikk kompetanse i norsk (bokmål og nynorsk) vil verta vektlagt. Den som vert tilsett, må òg vera førebudd på å gje undervisning på engelsk.

Vidare vert det lagt vekt på at du har

  • kompetanse innanfor kjerneområde i faget: grammatikk (fonologi, morfologi, syntaks, semantikk), språkhistorie, namnegransking, talemål (dialektologi og sosiolingvistikk) og tekstlingvistikk. Ymse kompetanseområde kan altså vera ynskjelege, men instituttet har størst behov for kompetanse innanfor tekstlingvistikk.
  • god fagleg breidd i tillegg til djupn i profilen din
  • relevant røynsle frå undervisning og ei reflektert og bevisst haldning til eige undervisnings- og rettleiingsarbeid
  • evne til å involvera og engasjera studentane i undervisning der utdanninga sine mål, innhald og vurderingssituasjonar heng nøye saman
  • erfaring med og/eller interesse for utvikling og bruk av varierte læringsmåtar og digitale reiskap i undervisninga
  • formidla forskingsresultat i anerkjende norske og internasjonale publiseringskanalar, og at du kan visa til progresjon i forsking og publisering
  • evne til å initiera, skaffa ekstern finansiering til, leia og gjennomføra større forskings- og utviklingsprosjekt
  • erfaring frå samarbeid med arbeidslivet
  • evne til å byggja og ivareta nettverk - regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • erfaring med nyskaping, innovasjon og kommersialisering av forsking
  • høg arbeidskapasitet, er nysgjerrig og motivert for å utvikla ny kunnskap saman med andre
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å bidra til eit konstruktivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • NyTi - eit kollegabasert rettleiingsprogram det fyrste året du underviser ved UiS
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 17.510, kode 1011, kr 580 000 - 680 000 bto pr år. I særskilde tilfelle kan høgare lønn verta vurdert
  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse.
  • meir om tilsettgode og fordelar på uis.no

Generell informasjon

Søknaden din vil verta vurdert av ein sakkunnig komité. Hovudvekta i den sakkunnige vurderinga vert lagd på bedømming av innsende vitskaplege arbeid og dokumentert undervisningskompetanse. Erfaring frå popularisering/ ormidlingsverksemd, fagpolitisk og fagadministrativt arbeid og eventuelt andre dokumenterte kvalifikasjonar med relevans for stillinga vert også vurderte av dei sakkunnige. I vurderinga av dei innsende arbeida vil vitskapleg kvalitet og originalitet leggjast vekt på framfor omfang.

Dersom du ikkje tilfredsstiller sentrale delar av kompetansekrava, kan du få søknaden avslått før søknadene blir oversende til sakkunnig komité for vurdering.

På bakgrunn av fråsegn frå sakkunnig komité vil aktuelle søkjarar verta innkalla til intervju og prøveundervisning før innstilling vert gjeven.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett, buset seg slik at vedkomande kan vera til stades ved, og tilgjengeleg for, fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid.

Kontaktinformasjon

Nærmare opplysningar om stillinga får ein ved å venda seg til:

  • Kontorsjef Ingun Leidland, tlf: 51 83 23 05, e-post: ingun.leidland@uis.no eller til
  • Instituttleiar Kjetil Vikhamar Thengs tlf: 51 83 13 37, e-post: kjetil.v.thengs@uis.no

Opplysningar om tilsetjingsprosessen får ein ved å venda seg til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: annette.f.lothe@uis.no.

Søknaden

Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert.

Følgjande dokumentar skal lastast opp som vedlegg til søknaden, i separate filer:

  • relevante vitnemål og attestar
  • fullstendig liste over vitskaplege arbeid
  • inntil 10 arbeid som dokumenterer undervisnings- og utdanningsfagleg kompetanse, se Retningslinjer for vurdering av undervisningskompetanse
  • inntil 10 vitskaplege arbeid som er sentrale i din forskingsproduksjon, inklusiv doktorgradsavhandling
  • dokumentasjon på annan aktivitet som du vil det skal takast omsyn til

Dokumentasjonen må vera på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Opplysningar og dokumentasjon som det skal takast omsyn til ved vurderinga, må vera registrerte innan utløpet av søknadsfristen.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleghetslova § 25.

UiS vurderer berre søknader og vedlegg registrerte i JobbNorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS