LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor II eller førsteamanuensis i medisin (radiologi)

Søknadsfrist: 11.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor II eller førsteamanuensis (radiologi)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 %, bistilling) i medisin (radiologi) i fem (5) år frå tilsetjing. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med professorkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje førsteamanuensis. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus.

Klinisk institutt 1 har om lag 250 tilsette, fordelt på 17 fagområder, organisert i 12 seksjonar. Radiologisk seksjon har for tida fem vitskapelege 20 % stillingar og ein 50 % stilling; fire professorar (II) og to førsteamanuensisar (I/II). Hovudoppgåva for den utlyste stillinga er undervisning, forsking og formidling innan radiologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Den som skal tilsetjast skal arbeide med forsking innanfor radiologi i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking på området
  • Undervisning av medisinstudentar og særskilt bidra i undervisning av studentar i ultralyd
  • Rettleie medisinarstudentar
  • Rettleiing av doktorgradskandidatar i radiologi
  • Ta del i eksamensarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk doktorgrad i medisin eller tilsvarande kompetanse, og vere godkjent spesialist eller lege i spesialisering i radiologi eller nukleærmedisin
  • Søkjar må ha særs gode ferdigheiter innan radiologi og innan radiologisk forsking
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid, samt dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • Søkjar må ha gode evner for formidling og undervisning og uttrykkje eit ønske om å utvikle pedagogiske ferdigheiter

Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 79-81 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida kr 792 700 – 840 900 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 597 000-694 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 618 600 - 694 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Instituttleiar Kjell Morten Myhr, K1, e-post: kjell-morten.myhr@helse-bergen.no eller
  • Fagansvarleg, professor Ingfrid Haldorsen, e-post: ingfrid.haldorsen@helse-bergen.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS