Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor II / førsteamanuensis i medisin (indremedisin)

Søknadsfrist: 20.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor II/førsteamanuensis i medisin (indremedisin)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 %, bistilling) i medisin (indremedisin) i 5 år frå tilsetjing. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med professorkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje førsteamanuensis. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved Medisinsk avdeling, Stavanger universitetssjukehus. Arbeidsstad er Stavanger universitetssjukehus.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Den som skal tilsetjast skal arbeide med forsking innanfor i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking på området
  • Rettleiing av doktorgradskandidatar
  • Undervisning av medisinstudentar
  • Ta del i eksamensarbeid

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk doktorgrad i medisin eller tilsvarande kompetanse, og vere godkjent spesialist i indremedisin
  • det vert lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid, samt dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga som professor, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. For førsteamanuensis gjeld at den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom krav ikkje er oppfylt før tilsetjing. Utfyllande informasjon kan ein finne på Eining for læring på Det medisinske fakultet

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-79 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 741 300 - 789 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Pål R. Njøstad, e-post: Pal.Njolstad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS