LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor eller førsteamanuensis ved Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 30.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor eller førsteamanuensis ved Det medisinske fakultet

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 (K1), er det ledig ei fast stilling som professor (100 %).

Stillinga er knytt til Dyreavdelinga ved fakultetet og personen som blir tilsett skal ha ansvar for den faglege utviklinga av Dyreavdelinga, og skal også drive forsking knytt til bruk av dyremodellar – og ha god kjennskap til genmodifiserte dyremodellar. Ein forskingsplan for dei komande 5 åra skal leggjast ved søknaden.

Stillinga kan om aktuelt være knytt til fast bistilling som overlege eller spesialistlege ved Haukeland universitetssjukehus. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med professorkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje førsteamanuensis. Personen vi søkjer har omfattande kompetanse innan aktuelle fagområde, har betydeleg forskingsaktivitet på høgt internasjonalt nivå, samt har leiarerfaring frå forskargrupper eller prosjekt.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Klinisk institutt 1 (K1) har om lag 250 tilsette, fordelt på 20 fagområder, organisert i lag 30 forskargrupper. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit prioritert forskingsfelt som er relevant for instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Dyreavdelinga er ein av ni kjernefasilitetar ved Det medisinske fakultet. Fasiliteten yter tenestar til alle forskarar ved UiB som driv med dyreforsøk og har også eksterne brukarar. Personen som vert tilsett vil ha ansvar for ei leiargruppe som inkluderer personar som har ansvar for drift, personale, dyrevelferd, samt undervisning og opplæring av avdelinga sine brukarar. Arbeidet med fagleg utvikling av Dyreavdelinga inneber til dømes etablering av relevante metodar, rådgjeving til brukarar av Dyreavdelinga og legge til rette for opplæring av tilsette i tema som er knytt til genmodifiserte (ved behov).

I denne stillinga er det svært viktig at personen som vert tilsett samarbeider godt med dei andre leiarane ved Dyreavdelinga. Det vil difor bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og dokumentert evne til samarbeid og leiing. Det vert og lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid.

Personen som vert tilsett kan påleggjast undervisningsplikter i emne som fell inn under instituttet sitt ansvarsområde, inkludert rettleiing av mastergradstudentar og doktorgradskandidatar. Omfanget av pliktarbeidet ved Dyreavdelinga og i anna undervisning skal samla ikkje overskride normalt omfang av undervisningstimar for fast vitskapelege tilsette ved Klinisk institutt 1.

Det er forventa at den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse.

Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Det vil bli lagt vekt på søkjar si erfaring med, og kompetanse på bruk av dyremodellar i forsking, samt kjennskap til metodar som vert nytta ved utvikling av genmodifiserte dyremodellar. Det vil også bli lagt vekt på søkjar si leiarerfaring og evne til å utvikle einingar med fagleg kompetanse, samt undervisningserfaring.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 79-81 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 801 300 – 850 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 626 100 – 702 100 eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 650 300 – 702 100. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar/professor Kjell-Morten Myhr, e-post: Kjell-Morten.Myhr@uib.no /tlf.: 414 47 868, eller
  • Leiar ved Dyreavdelinga, professor Emmet Mc Cormack, e-post: Emmet.Mc.Cormack@uib.no, Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS