LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor eller førsteamanuensis (50 %, koordinator) i medisin ved Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 11.12.2022

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor eller førsteamanuensis

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som professor eller førsteamanuensis (50 %, koordinator) i medisin. Stillinga er knytt til fast overlegestilling ved Haugesund sjukehus, med arbeidsstad ved dette sjukehuset. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professor- eller førsteamanuensiskompetanse, kan det verte tilsett søkjar som mellombels universitetslektor under føresetnad om at førsteamanuensiskompetanse vert oppnådd innan to (2) år.

Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Den som vert tilsett skal ha rolla som fagleg koordinator for undervisinga av medisinstudentar ved sjukehuset
  • Koordinere og leie undervisninga for dei som har bistillingar ved Universitetet i Bergen, Klinisk institutt 1 eller Klinisk institutt 2
  • Samarbeide med relevante fagleg og administrativt ansvarlege for studieprogrammet i medisin ved Det medisinske fakultet
  • Vere delansvarleg for gjennomføringa av studieplanen medan studentane er i praksis ved sjukehuset
  • Den tilsette pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan ekstra godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudiet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har cand.med.- grad og norsk autorisasjon som lege og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Kravet om avlagt doktorgrad kan avvikast frå under føresetnad om at søkjar er i eit doktorgradsprogram og fullfører doktorgraden innan to år etter tilsetjing
  • Det er eit ønske at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og at søkjar har eit stort engasjement og interesse for undervisning
  • Den ideelle kandidaten har stor interesse for å fremje undervisning og god utplasseringspraksis for medisinstudentar i Helse Fonna HF
  • Kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga
  • Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon
  • Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga, er særs viktig og vert vektlagd ved vurderinga

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • For professor er løn for tida kr 864 500 (kode 1013, lønssteg 81). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • For førsteamanuensis er løn for tida kr 661 400 - 689 100 (kode 1011, lønssteg 70-72), eller løn for spesialist kr 689 100 - 714 000 (kode 1011, lønssteg 72-74). Løn er brutto pr. år for ei fulltidstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • For universitetslektor er løn for tida kr 517 600 (kode 1009, lønssteg 56). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV og relevante vitnemål og attestar
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS