LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor eller førsteamanuensis - studieprogramleiar for medisinstudiet

Søknadsfrist: 06.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor eller førsteamanuensis - studieprogramleiar for medisinstudiet

Ved Det medisinske fakultet er det ledig fast stilling som professor eller førsteamanuensis (100 %) som studieprogramleiar for profesjonsstudiet i medisin.

Stillinga vil verte knytt til det institutt som er naturleg ut frå søkjar sitt arbeidsområde (spesialitet) og forskingsfelt. Stillinga er også knytt til Eining for læring ved fakultetet, og skal inngå i arbeidsfellesskapet ved eininga. Stillinga rapporterer fagleg til prodekan for utdanning.

Profesjonsstudiet i medisin ved Universitetet i Bergen er eit studium på 6 år med tidleg pasientkontakt og fagintegrasjon der basalfag, parakliniske og kliniske fag vert undervist integrert frå første studieår. Noverande studieplan vart innført i 2015. For tida vert det også greidd ut ein ny studieplan (Vestlandslegen) fordi vi ventar ein auke i talet på studieplassar i medisin dei kommande åra.

Undervisninga vert gitt med ulike metodar, der dei viktigaste er gruppeundervisning, kurs i små og større grupper, plenumsundervisning som førelesingar og team-basert læring (TBL), praktisk-klinisk undervisning i grupper, og praksis på sjukehus og i primærhelsetenesta. Studieprogrammet har eit desentralisert studieløp med praksis ved dei samarbeidande sjukehusa våre i Stavanger, Haugesund og Førde, og vi har også praksisplassar i kommunehelsetenesta over heile Vestlandet. Studieprogrammet har ei eiga forskarline.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Studieprogramleiaren sine viktigaste arbeidsoppgåver:

  • stå for det faglege og pedagogiske leiarskapet av studieprogrammet, gjennom å leie Programutvalet for medisin (PUM)
  • ha hovudansvar for fagleg innhald og relevans i studieprogrammet
  • stå for kvalitetssikring og vidare utvikling av undervisnings- og vurderingsformer og praksis
  • utvikle gode tilbod for studentutveksling
  • sørge for at studieprogrammet sine læringsutbytte vert oppnådd
  • følge opp dei krav som er omtalt i Universitetet i Bergen sitt kvalitetssystem for studieprogram
  • sørge for kontinuerleg fagleg og pedagogisk utvikling av studieprogrammet i samsvar med nasjonale lover og forskrifter, spesielt RETHOS
  • ha ansvar for løpande saker som gjeld studiet
  • bidra til at studentane har eit godt læringsmiljø
  • sørge for eit godt samarbeid med eksterne partar som den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
  • delta i ulike råd, forum og organ som naturleg ligg til stillinga og rolla
  • tett samarbeid med studieadministrasjon og med emneansvarlege og personar som koordinerer emneovergripande aktivitetar

Den som vert tilsett skal som andre vitskapleg tilsette også leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til eige forskingsfelt, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Undervisningsoppgåvene inkluderer også eksamensarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid og deltaking i Eining for læring si kurs- og rettleiingsverksemd. Det vert høve til og oppfordra til forsking med relevans for universitetspedagogikk og undervisningsrelevante tema.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar må ha medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege. Søkjar må ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, fylle krava til professor eller førsteamanuensis, inkludert krav til utdanningsfagleg kompetanse.

Den ideelle kandidaten har eit stort engasjement for faget medisin, utdanning av legar og utdanninga sin samfunnsrelevans. Vi legg vekt på erfaring med ulike undervisnings- og vurderingsformer som grunnlag for læring. Vi ønskjer i tillegg at søkjaren har klinisk erfaring, erfaring med å arbeide på tvers av tradisjonelle faggrenser, kjennskap til relevante lover og forskrifter som regulerer utdanningsområdet og har erfaring frå leiing og utviklingsarbeid innan utdanningsfeltet og om mogeleg, frå legeutdanning spesielt. Det er ein føremon med dokumentert leiarerfaring.

Vi ønskjer at søkjaren har forskingspublikasjonar på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert eller er medlem i ei aktiv forskingsgruppe. Publikasjonar innan utdanningsfeltet vil særskilt verte vektlagt. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga. Vi ber om at søkjaren i søknadsbrevet gjer greie for sine forskingsplanar, inkludert forsking og utviklingsarbeid på det universitetspedagogiske området.

Søkjar bør ha erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon og utviklingsarbeid.

Vi vil i vurderinga også legge vekt på gode samarbeidsevner, gode formidlingsevner og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta. Du må i periodar meistre høgt arbeidstempo. Ved samla vurdering av den best kvalifiserte, vil det verte lagt vekt på kompetanse, erfaring og personlege eigenskapar, og også motivasjon for stillinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på nettsidene til Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande oppgåver i eit viktig utdanningsområde med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • eit kollegium av administrativt og fagleg tilsette, som saman med studieprogramleiaren administrerer og leier studieprogrammet
  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 79-81 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 792 700 - 840 900 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 618 600 – 694 400 eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 643 000 – 694 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV
  • relevante vitnemål og attestar
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 15 for professor og høgst 10 for førsteamanuensis). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS