LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor / førsteamanuensis i visuell datavitskap / visualisering

Søknadsfrist: 28.02.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis i visuell datavitskap / visualisering

Ved Institutt for informatikk, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som professor eller førsteamanuensis i visuell datavitskap / visualisering.

Om instituttet

Digitalisering av bedrifter, industri, offentleg administrasjon og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet vårt skal lukkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning på eit høgt internasjonalt nivå i algoritmar, bioinformatikk, informasjonstryggleik, maskinlæring, optimalisering, programmeringsteori, visualisering og didaktikk. Tilknytte senter og laboratorium inkluderer Center for Data Science (CEDAS), Mohn Medical Imaging and Visualization center (MMIV), Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab, som er ei viktig forlenging av instituttet sine aktivitetar innan utdanning og forsking. 

Instituttet tilbyr utdanning for framtida på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Instituttet er i rask vekst med omsyn til talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå over 35 land, der 37 er fagpersonar og 50 er doktorgradskandidatar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Alle akademiske tilsette ved instituttet er forventa å bidra med forsking og undervising av høg kvalitet. Arbeidsmiljøet for denne stillinga er forskingsgruppa for visualisering (vis.UiB.no), med nære band til CEDAS og MMIV. Gruppa er internasjonalt respektert og bidrar med nye visualiseringsløysingar for brukarar frå ulike domene for å mogleggjere rask og effektiv utforsking, analyse og presentasjon av data. To professorar og ein førsteamanuensis i innstegsstilling representerer gruppa, og dei jobbar tett med fleire forskjellige områdar for bruk, samt andre forskingsgrupper, samtidig som dei er engasjert i grunnleggjande forsking av høg kvalitet innan visualisering / visuell dataviteskap.

Gruppas forsking fokuserer på human-in-the-loop solutions, som myndiggjer den menneskelege brukaren med interaktive visuelle midlar til datautforsking, analyse og presentasjon. Berekningsmetodar, for eksempel frå statistikk, maskinlæring og optimisering, blir integrert med interaktive visuelle løysningar, der brukaren har kontrollen, som resulterer i blanda initiativløysingar med en interaktiv visuell komponent. Gruppa fokuserer også på teoretiske grunnlag for visualisering som er avgjerande for en meiningsfull presentasjon/kommunikasjon samt for rask og effektiv utforsking og analyse av data – uavhengig av bruksområde.

Den nye professoren/førsteamanuensen er forventa å styrke gruppas forsking og undervising innan visuell datavitskap / visualisering, basert på toppkompetanse relatert til det matematiske og tekniske grunnlaget for feltet, samt sterke ferdigheitar i programmering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Avhengig av om søkjarar blir vurdert for stilling som professor (i kode 1013) eller som en førsteamanuensis (i kode 1011), er det ein nivåforskjell på kvalifikasjonane som krevst – mange av krava er likevel felles for båe stillingsvariantar. 

Kvalifikasjonskrav for stillinga som professor (kode 1013):

Kvalifikasjonskrav for stillinga som førsteamanuensis (kode 1011):

  • Søkjarar må ha ein doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan informatikk. 
  • Dokumentert utdanningsfagleg kompetanse på førsteamanuensisnivå, i tråd med UiB sine krav for utdanningsfagleg mappe. Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding. 

Kvalifikasjonskrav for stilling både som professor og førsteamanuensis: 

  • Synleg akademisk erfaring innan visuell datavitskap / visualisering, inkludert publikasjonar i topp-tidsskrifter / -konferansar innan feltet (disse inkluderer tidsskriftene IEEE TVCG og CGF, og konferansar som IEEE VIS og EuroVis), er eit krav.
  • Utmerka kunnskap om det matematiske grunnlaget for visuell datavitskap / visualisering, spesielt lineær algebra og rekning, er eit krav.
  • Sterke programmeringsferdigheiter og erfaring med effektiv koding, for eksempel i kompilerte programmeringsspråk, er eit krav. 
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. Dei må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar. 
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. 

Fordeler for stilling både som professor og førsteamanuensis: 

  • Erfaring med undervising i datagrafikk, visualisering og / eller andre kurs innan visuell datavitskap / visualisering er ein fordel.
  • Ferdigheiter i GPU-programmering blir sett på som ein fordel. 
  • Erfaring med formidling (i tillegg til vitskapelege publikasjonar) er ein fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Tida til akademisk arbeid sidan oppnådd ph.d. (eller tilsvarande kvalifikasjon) vert tatt i betraktning ved samanlikning av søkjarane, med særskild vekt på resultat dei siste 5 åra.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

 Om du har spørsmål rundt temaet kan du kontakte:

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som professor blir det kravd solid kompetanse innan undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • solid kompetanse og erfaring innan planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning
  • vesentlege bidrag til systematisk utviklingsarbeid knytt til undervisning og rettleiing
  • brei erfaring frå rettleiing, fortrinnsvis på master- og ph.d.-nivå
  • innsats og samarbeid i eige fagmiljø knytt til arbeid med utdanningskvalitet

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. 

Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program) 
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing 

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse for stilling som professor eller førsteamanuensis finst her

Søkjarar til stilling som førsteamanuensis som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding. 

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs. 

Ved Universitetet i Bergen vert det lagt reell vekt på utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som professor (kode 1013 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 919 200,- til kr. 1 102 200,- eller stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 720 100,- til kr. 845 900,-. For særleg kvalifiserte søkjarar for begge stillingstypar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde

  • CV og eit søknadsbrev / forsidebrev
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • liste over vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • ei kort forskingsplan (på opptil 3 sider), som synar det planlagde / forventa forskingsbidraget, inkludert søkjarens eigne tankar om korleis dei ser seg sjølv passe inn i forskingsgruppa samt gruppas forskingspartnarar. 
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • erfaring med å rettleie studentar bør leggast ved
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadar sendt på e-post blir ikkje vurdert.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Anten professor Noeska Smit ved Institutt for informatikk på Noeska.Smit@uib.no eller 
  • Professor Helwig Hauser ved Institutt for informatikk på helwig.hauser@uib.no
  • Instituttleiar Inge Jonassen kan nås på inge.jonassen@uib.no / tlf. 47 55 58 47 13

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Karoline Christiansen på e-post: karoline.christiansen@uib.no / tlf. +47 55 58 47 70.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Karoline Christiansen (HR Adviser), +47 55 58 47 70, karoline.christiansen@uib.no
Powered by Labrador CMS