Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Professor/førsteamanuensis
Ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitet i Bergen er det ledig ei fast stilling som professor i sakprosa. Det kan vere aktuelt å tilsetje ein førsteamanuensis dersom det ikkje er tilstrekkeleg kvalifiserte søkjarar for professorat.
Studiet av sakprosa har dei siste 30 åra blitt utvikla som eit kunnskapsfelt i Norden med eigne stillingar og utdanningstilbod ved ein rekkje lærestadar. I den norske skulen sine læreplanar og undervisningspraksis har sakprosa ein sentral plass. Sakprosa er tett bunde saman med kunnskapsformidling, historie, demokratiforsking og retorikk. Vi søkjer ein professor som kan delta aktivt i forsking i dette skjeringsfeltet og som kan leggje fram forskingsplanar og har dokumentert evne til prosjektutvikling.
Den som blir tilsett skal kunne leie og initiere forsking og formidling, delta i undervisning og eksamensarbeid og ta på seg administrative oppgåver etter gjeldande føresegn.
Stillinga skal støtte universitetet sin strategi om å bidra til kunnskapsformidling og ei demokratisk samfunnsutvikling. Professoren skal bidra med formidling og prosjekt for Universitetet i Bergen som heilskap.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som blir tilsett skal kunne leie og initiere forsking og formidling, delta i undervisning og eksamensarbeid og ta på seg administrative oppgåver etter gjeldande føresegn.
Stillinga skal støtte universitetet sin strategi om å bidra til kunnskapsformidling og ei demokratisk samfunnsutvikling. Professoren skal bidra med formidling og prosjekt for Universitetet i Bergen som heilskap.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha doktorgrad, eller kompetanse på tilsvarande nivå, i til dømes medievitskap, nordisk litteratur, litteraturvitskap, historie eller retorikk.
Søkjarar må ha synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå, og i anerkjende kanalar.
Det vil bli lagt vekt på evne og planar for å leie forskingsprosjekt, erfaring med forskings- og kunnskapsformidling, i tillegg til evne til metodeutvikling.
Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet, vil forskinga frå dei siste fem åra bli lagt særskilt vekt på.
Samarbeidseigenskapar, planar for forsking og ambisjonar for eiga undervisning blir lagt vekt på i vurderinga.
Den som blir tilsett skal undervise både på høgare og lågare grads nivå. Undervisningsspråket ved universitetet er normalt norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk frå første dag.
Utdanningsfagleg kompetanse
Til stillinga som professor blir det kravd solid kompetanse innan undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå:
Fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
Solid kompetanse og erfaring i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning
Vesentlege bidrag til systematisk utviklingsarbeid knytt til undervisning og rettleiing
Brei erfaring frå rettleiing, fortrinnsvis på master- og ph.d.-nivå
Innsats og samarbeid i eige fagmiljø knytt til arbeid med utdanningskvalitet
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe som også viser erfaring med undervisning i praktisk formidling. Mappa skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av kompetansen og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.
Søkjarar må kunne dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse. Dersom det føreligg særleg tungtvegande grunnar, kan det gjerast unntak for manglande universitetspedagogisk utdanning/relevante kurs i kombinasjon med praktisk undervisning. I slike tilfelle vil den som blir tilsett, påleggjast å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Kandidatar som blir vurdert kvalifisert for stilling som professor (kode 1013) vil få ei årsløn på kr. 895 500 – 966 300 (tilsvarande ltr 81-84) i lønsregulativet til staten. Førsteamanuensis (kode 1011) vil få ei årsløn på kr. 708 000 – 759 100 (tilsvarande ltr. 71-75). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
Utdanningsfagleg mappe som gir ei samla framstilling som viser erfaringa di innan undervisning og rettleiing. Ver vennleg å fylle ut dette skjemaet og leggje det ved søknaden. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisningsmateriell, evalueringsrapportar og eventuelle mottekne undervisningsprisar
Liste over vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
Namn på tre referansar, der minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid
2 referansebrev
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist 06.11.2023
Søknaden skal merkast 2023/13683
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleder Marija Slavkovik, Institutt for Institutt for informasjons- og medievitskap, e-post: marija.slavkovik@uib.no, telefon 55582377
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-medarbeidar Pernille Hole, pernille.hole@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.